Harald Nordal Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
STILLER OPP: Styreleiar Harald Nordal og Arctioc Bioscience-sjef Christer Valderhaug er mellom dei som stiller opp med lån til selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Arctic Bioscience sikra lån til vidare drift

Finansiering frå ein rekke innsidarar og islandsk investorgruppe.

Marius Rosbach
13.01.2025

Arctic Bioscience er sikra finansiering vidare etter at nye og gamle investorar stiller opp saman med Innovasjon Norge. 

I ei børsmelding måndag kjem det fram at selskapet er sikra til saman 30 millionar kroner ved lån. Finansieringa består av 15 millionar i eit langsiktig lån frå Innovasjon Norge og eit langsiktig konvertibelt lån på same beløp frå investorar. 

Det gjeld både eksisterande aksjonærar og nye investorar, inkludert ei gruppering islandske investorar. Det går ikkje fram av meldinga kven grupperinga består av. 

Ifølgje ei seinare børsmelding er ein rekke innsidarar mellom dei som har stilt opp med pengar.  

Mellom anna Ronja Capital Investment, eit selskap knytt til styremedlem Tore Tønseth, stiller med 3 millionar. Brødrene Vartdal, knytt til styremedlem Jan Endre Vartdal med 1 million kroner 

Ajea Invest knytt til styremedlem Asbjørn Solevågseide med ein halv million, Eros knytt til styremedlem Per Magne Eggesbø med 600.000 kroner og Siglar knyt til styreleiar Harald Nordal med 150.000 kroner. 

Clu Invest knytt til Arctioc Bioscience-sjef Christer Valderhaug stiller med 100.000 kroner og medisinsk direktør i selskapet, Runhild Gammelsæter, med 50.000 kroner. 

Arctic Bioscience-kursen kollapsa i fjor haust etter at dei ikkje fekk resultata dei håpte på i ein studie av ein legemiddelkandidat. Selskapet utviklar eit middel dei vil få godkjent som legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.

Aksjonærane og selskapet kryssar no fingrane for at studien viser meir eintydige resultat når undersøkinga er ferdig ved utgangen av første kvartal. 

Publisert: 13.01.2025 22:00

Sist oppdatert: 14.01.2025 01:15

Mer om