Ingegjerd Eidsvik Artec Aqua Aqua Nor 2023 foto Ogne
SPÅR OPPTUR: Arteq Aqua er det største selskapet i Endúr-konsernet. Nylig var administrerande direktør Ingegjerd Eidsvik på oppdrettsteknologimessa Aqua Nor i Trondheim. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Analytikar spår kursfest i Endúr

Smular att frå hydrogensatsing for Flakk.

Marius Rosbach
04.09.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Endúr var dagens vinnar på Oslo børs av selskapa frå Nordvestlandet. Industriaksjen fekk eit solid løft med ein oppgang på 12 prosent til 44,80 kroner.

SpareBank 1 Markets-analytikar Petter Kongslie som tek over dekninga av selskapet gir det ein pangstart med kraftig oppjustering av kursmålet, ifølgje Finansavisen.

Etter å ha gått gjennom den siste kvartalsrapporten aukar analytikaren kursmålet frå 50 til 70 kroner aksjen.

– Ein oversett og undervurdert marin infrastruktur-aksje med fleire triggarar, er hans kommentar til avisa.

Dotterselskapet Artec Aqua i Ålesund utgjer hovudverksemda i industri- og ingeniørkonsernet.

Flakk-investeringa Hyon var dagens store tapar på Oslo børs med eit fall på 32,50 prosent til 0,09 kroner.

Via selskapet Norwegian Hydrogen har Flakk Gruppen i lengre tid vore storaksjonær i hydrogenselskapet, saman med Saga Pure og NEL. Dei to sistnemnte selte seg ut ved starten av året, medan Norwegian Hydrogen blei sittande som eigar.

Den siste tida har det vore klart at det trengs meir kapital for å sikre vidare drift. Styret har opna for å oppløyse selskapet på ei generalforsamling 15. september, og den siste veka har aksjekursen krakka.

Måndagens kurs på 0,09 kroner utgjer knappe fire prosent av børsverdien 2,14 kroner.

Hyon skulle mellom anna stå for leveranse at utstyret til bunkringsanlegget på Hellesylt - der Norwegian Hydrogen byggjer eit lite hydrogenproduksjonsanlegg.

Administrerande direktør Jens Berge i Norwegian Hydrogen seier til NETT NO det er etter det han kjenner til ikkje er nokon andre som har kome lenger enn Hyon med å utvikle bunkringsstasjon-teknologi for hydrogen. Det vil likevel ikkje vil vere eit problem å få eit slikt anlegg på plass for å forsyne ei ferje mellom Hellesylt og Geiranger med hydrogen innan ei utsleppsfri ferje skal vere på plass.

Hovudindeksen på Oslo børs haldt seg i ro og enda med ein oppgang på 0,08 prosent til 1 266,79 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Endúr kr 44,80 12,00 %
Havila Kystruten kr 1,12 2,29 %
Salmon Evolution kr 6,32 1,94 %
Arctic Bioscience kr 9,60 1,91 %
Atlantic Sapphire kr 2,42 0,83 %
Hav Group kr 9,70 0,00 %
Sparebanken Møre kr 76,25 -0,31 %
Hofseth Biocare kr 3,15 -1,56 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,21 -1,95 %
Norva 24 Group* 23,75 kr -2,06 %
Nortel kr 25,00 -2,34 %
Hexagon Composites kr 36,74 -2,70 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,88 -3,03 %
Havila Shipping kr 8,78 -3,20 %
Hexagon Purus kr 18,22 -4,11 %
Statt Torsk kr 0,46 -7,82 %
* Kurs i SEK

Publisert: 04.09.2023 16:53

Sist oppdatert: 04.09.2023 17:24

Mer om