Ferje Geiranger foto Ogne
KVA NO?: Hyon skulle levere utstyr til bunkringsanlegget på Hellesylt, der ei eventuelt hydrogendriven ferje på Geirangerfjorden kunne få påfyll av hydrogen som Norwegian Hydrogen skal produserer. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Norwegian Hydrogen-investering stuper

Hyon ned over 35 prosent i dag.

04.09.2023

Norwegian Hydrogen i Ålesund, med Flakk Gruppen som stor aksjonær, er stor eigar i Drammen-selskapet Hyon, og var det i starten saman med selskapa Saga Pure og NEL. Dei tre eigde i utgangspunktet 17,6 prosent kvar i Hyon, men både Saga Pure og NEL selde seg ut tidlegare i år og Norwegian Hydrogen står att som største, og einaste industrielle, eigar.

Dei tre selskapa samarbeider for å utvikle ein marknad for hydrogen som drivstoff og Hyon spesialisert seg på å frakte og levere hydrogen som drivstoff til skip.

Anlegg til Hellesylt
Hyon skulle mellom anna stå for leveranse at utstyret til bunkringsanlegget på Hellesylt - der Norwegian Hydrogen byggjer eit lite hydrogenproduksjonsanlegg - slik at hydrogendrivne fartøy kan fylle der.

Administrerande direktør Jens Berge i Norwegian Hydrogen seier det er etter det han kjenner til ikkje er nokon andre som har kome lenger enn Hyon med å utvikle bunkringsstasjon-teknologi for hydrogen. Det vil likevel ikkje vil vere eit problem å få eit slikt anlegg på plass for å forsyne ei ferje mellom Hellesylt og Geiranger med hydrogen innan ei utsleppsfri ferje skal vere på plass på den strekninga, ifølgje Berge.

Norwegian Hydrogen sine aksjar i Hyon var verdt over 21 millionar kroner då Hyon vart notert på Euronext Growth i februar 2022. Då var kursen 2,17 kroner aksjen.

Etter eit fall i aksjekursen på over 30 prosent (klokka 14.21) er Hyon-kursen 0,0812 kroner. Heile selskapet verdsett til 4,5 millionar kroner og Norwegian Hydrogen sin andel er verdt under ein million.

Vil oppløyse selskapet
I førre veke melde selskapet at styret rår eigarane til å oppløyse selskapet etter at forsøk på å sikre finansiering av vidare drift ikkje førte fram.

Hyon hadde 5,7 millionar kroner i driftsinntekter og minus 20,2 millionar kroner i resultat før skatt i fjor. Selskapet hadde ein bokført eigenkapital på 23,6 millionar kroner ved utløpet av 2022.

For aksjonærane handlar det no om kor mykje det er att å fordele om det blir fleirtal for å oppløyse selskapet på den ekstraordinære generalforsamlinga 15. september.

Publisert: 04.09.2023 14:48

Sist oppdatert: 04.09.2023 16:25

Mer om