Ingegjerd Eidsvik Artec Aqua Aqua Nor 2023 foto Ogne
MØTER KUNDAR: Arteq Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik på oppdrettsteknologimessa Aqua Nor i Trondheim denne veka. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Ventar på ny fangst for Artec Aqua

Endúr ser fornya interesse for landbasert oppdrett.

24.08.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Endúr vart børsvinnaren frå Nordvestlandet på ein dag med lite bevegelse i aksjekursane for selskapa frå regionen.

Det skjedde etter at industri- og ingeniørkonsernet la fram tall for andre kvartal.

Driftsinntektene til Endúr-datterselskapet Artec Aqua i Ålesund gjekk ned frå 643 millionar kroner i første halvår 2022 til 191 millionar kroner i første halvår 2023 går det fram av delårsrapporten til Endúr-konsernet for 2. kvartal og første halvår.

Les børsmelding her

Grunnen til nedgangen er at ingeniør- og prosjekteringsselskapet Artec Aqua er ferdig med første steg av bygginga av Salmon Evolution sitt landbaserte anlegg i Indre Harøy.

Artec Aqua teiknar og prosjekteter landbaserte oppdrettsanlegg. No er det planlegging og prosjektering av nye og mindre anlegg som gjeld, og då går inntektene ned samanlikna med når bygginga i er i gang.

Førebels har Endúr/Artec Aqua ikkje ført oppdrag med å bygge landbasert oppdrettsanlegg på Island og andre byggesteg for Salmon Evolution inn i ordreboka. Sannsynlegvis blir det fast fisk, men så lenge ikkje alt er på plass ventar Endùr med å konkludere.

Konsernet fortel imidlertid også at interesssa for landbaserte oppdrettsanlegg er aukande igjen, både i Noreg og utlandet. Interessa blei dempa etter at regjeringa varsla at den ville innføre grunnrentskatt på oppdrettselskap og samstundes sette utdeling av fleire løyve til landbaserte anlegg på vent.

Grunnleggarane av Artec Aqua er største aksjonærar i det børsnotere industri- og ingeniørkonsernet Endúr.

Endúr ASA
1. halvår. i mill. kroner20232022
Driftsinntekt1028,61249,6
Driftsresultat47,344,9
Resultat før skatt-35,52,9
Endúr ASA
2. kvartal. i mill. kroner20232022
Driftsinntekt543,9637,9
Driftsresultat33,027,3
Resultat før skatt27,87,8

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,85 1,42 %
Sparebanken Møre kr 76,90 1,12 %
Endúr kr 39,80 0,76 %
Nortel kr 27,00 0,75 %
Hofseth Biocare kr 3,03 0,66 %
Hav Group kr 9,96 0,61 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,19 0,51 %
Hexagon Composites kr 33,80 0,18 %
Arctic Bioscience kr 9,38 -0,21 %
Hexagon Purus kr 18,22 -0,65 %
Havila Kystruten kr 1,24 -0,80 %
Norva 24 Group* 22,15 kr -1,34 %
Salmon Evolution kr 6,23 -1,42 %
Atlantic Sapphire kr 4,50 -1,75 %
Havila Shipping kr 9,98 -3,48 %
Statt Torsk kr 0,40 -8,14 %
* Kurs i SEK

Publisert: 24.08.2023 15:02

Sist oppdatert: 24.08.2023 17:11

Mer om