Børsdagen: Analytikere trur offshore er trygg hamn
Havila Shipping blant fleire reiarlag som har stige meir enn 50 prosent siste vekene.
Det vart ein beskjeden kursstigning for Havila Shipping-aksjen onsdag med ei auke på 2,41 prosent til 13,58 kroner.
Dei siste vekene er likevel Herøy-selskapet mellom offshorereiarlaga som har hatt ei avkastning på meir enn 50 prosent. Etter onsdagens handel var kursen opp heile 70 prosent siste månad.
Denne veka har også Solstad Offshore-aksjen skote fart etter nye langtidskontraktar – og fleire andre reiarlag har betydeleg kursstigning.
Analysesjef Erik Tønne i Clarksons – som besøkte verftskonferansen i Ålesund tysdag – meiner det er god grunn til å vente framleis kursoppgang.
Les også
Til Dagens Næringsliv onsdag påpeiker Tønne at investorer samtidig bør vere merksame på kapitalstrukturen i fleire av selskapa. Til eksempel Solstad har kring 10 prosent eigenkapitalog 90 prosent gjeld, som gjer at auke i inntening gir stor effekt – både på nedsida og oppsida.
Analytiker Christopher Møllerløkken i Sparebank 1 Markets seier til avisa at han er positiv til dei fleste forsyningsreiarlaga, samt seismikk og subsea.
For det andre reiarlaget frå
Nordvestlandet, Golden Energy Offshore, har kursutviklinga likevel gått
andre vegen. Det må mellom anna sjåast i samanheng med at
managementselskapet nyleg fekk konkursbeskyttelse.
Les også
Aksjane på Oslo børs enda med ein nedgang på 0,44 prosent etter to dagar med oppgang tidlegare i veka. Hovudindeksen enda på 1.185,42.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring | |
Havyard Group | 3,395 | 3,03 % | |
Golden Energy Offshore Services | 1,85 | 2,78 % | |
Statt Torsk | 2,08 | 2,46 % | |
Hofseth Biocare | 3,37 | 2,43 % | |
Havila Shipping | 13,32 | 0,45 % | | |
Hexagon Purus | 20,44 | 0,20 % | |
Hav Group | 9,79 | 0,10 % | |
Havila Kystruten | 17,45 | 0,00 % | |
Nortel | 20,4 | 0,00 % | |
Salmon Evolution | 9,18 | -0,22 % | |
Sparebanken Møre | 74,44 | -1,00 % | |
Endúr | 32,21 | -1,35 % | |
Norva24 Group * | 30,845 | -2,20 % | |
Atlantic Sapphire | 6,8 | -2,93 % | |
Hexagon Composites | 23,5 | -3,29 % | |
Arctic Bioscience | 13,95 | -3,46 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 02.11.2022 16:44
Sist oppdatert: 02.11.2022 19:19