Børsdagen: Bank ikkje lenger størst i Nortel
Skandinaviska Enskilda Banken har 1,5 millionar færre aksjar i Nortel. Ronja Capital II har 1,5 millionar fleire.
Ut frå aksjonærlistene ser det ut som det er svenske Skandinaviska Enskilda Banken som selde dei 1,5 millionar aksjane Halsebakk-familiens investeringsselskap Ronja Capital II har kjøpt det børsnoterte mobiltelefonselskapet Nortel.
Ved utgangen av mars hadde banken 3,6 millionar Nortel-aksjar. Det tilsvarte 19,3 prosent av selskapet og gjorde banken til største eigar, før Leif Arne Langøy og familiens investeringsselskap Lapas (18,2 prosent) og grunnleggar og dagleg leiar Cristian Pritchard sitt selskap Proff Invest (16,3 prosent).
No har banken 2,1 millionar aksjar (11,4 prosent).
Ronja Capital II har ein eigarandel på 8,1 prosent etter kjøpet og er femte største eigar i Nortel.
Skandinaviske Enskilda Banken kom inn blant dei 20 største eigarane i kvartalsrapporten for 2. kvartal i 2022, med 2,1 millionar aksjar og ein eigarandel på 11,4 prosent.
I 3. kvartalsrapporten 2022 var antal aksjar auka til 3,1 millionar aksjar og 16,3 prosent eigarandel.
I løpet av 1. kvartal auka talet på aksjar der banken sto som eigar til 3,6 millionar aksjar og 19,3 prosent eigarandel.
Berre ein gang før Nortel 15. mars i år fortalde at selskapet har friarar og vurderer moglege bod på selskapet har Nortel-kursen vore over 28 kroner aksjen. Store deler av 2022 var den under 20 kroner. Ronja Capital II kjøpte truleg til rundt 28 kroner aksjen og Skandinaviska Enskilda Banken har dermed truleg seld med god gevinst.
Det er sjansen for ein stor gevinst ved eit eventuelt sal av Nortel som har lokka Ronja Capital II til p satse på selskapet.
I dag var aksjekursen i Nortel 33,60 kroner aksjen, som betyr at Ronja Capital II har ein potensiell gevinst på investeringa si i førre veke på over åtte millionar kroner.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hofseth Biocare | 3,44 | 2,69 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,11 | 2,51 % |
Norva 24* | 29,00 | 2,29 % |
Arctic Bioscience | 11,00 | 1,85 % |
Sparebanken Møre | 76,75 | 0,87 % |
Hav Group | 10,50 | 0,48 % |
Hexagon Composites | 30,72 | 0,26 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,28 | 0,00 % |
Hexagon Purus | 21,05 | 0,00 % |
Atlantic Sapphire | 5,08 | -0,20 % |
Havila Kystruten | 9,46 | -0,42 % |
Salmon Evolution | 7,81 | -0,51 % |
Nortel | 33,60 | -0,59 % |
Statt Torsk | 0,89 | -1,11 % |
Havila Shipping | 16,50 | -2,48 % |
Endúr | 44,80 | -3,03 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 26.04.2023 16:42
Sist oppdatert: 26.04.2023 16:44