Nortel prises til 225 mill etter emisjon
MILLIONVERDIAR: Nortel er verdsett til 636 millionar kroner på børsen i dag. Dagleg leiar og grunnleggar Christian Pritchard eig 16,3 prosent av aksjane i selskapet.
Nytt

Børsdagen: Rekordnotering etter kvartalstal

Nortel dagens børsvinnar på Nordvestlandet.

25.04.2023

Aksjekursen i Nortel spratt opp til 34,80 kroner straks etter børshandelen opna i dag. Det er over rekordnoteringa på 34,40 kroner 17. mars i år.

Selskapet la fram kvartalsrapporten for 1. kvartal i dag tidleg, og ut frå kursutviklinga ser det ut som om investorane likte det Nortel hadde å fortelje, sjølv om veksttakta ikkje er like høg som den var i store deler av 2022.

Nortel er imidlertid eit framleis eit selskap der aksjehandelen er svært liten. Aksjeposten som vart handla til kurs 34,80 var berre på 50 aksjar.

Den siste handelen i dag, klokka 15:38, omfatta 49 aksjar til kurs 33,80, opp 12,67 prosent sidan børsen stengde i går.

Grunnfondsbevisa til Sparebanken Møre, som 3. mars vart handla til kurs 88 kroner fall i dag til årets lågaste kurs, 76,09 kroner.

Artikkelen er oppdatert etter at børshandelen var over for i dag, mellom anna med børskursar for alle børsnoterte selskap på Nordvestlandet

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 33,80 12,67 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,28 5,81 %
Havila Kystruten 9,50 3,94 %
Statt Torsk 0,90 2,17 %
Arctic Bioscience 11,00 1,85 %
Norva 24* 28,40 0,53 %
Endúr 46,20 0,43 %
Havila Shipping 16,92 -0,47 %
Salmon Evolution 7,85 -0,51 %
Hofseth Biocare 3,35 -0,89 %
Hav Group 10,45 -1,42 %
Sparebanken Møre 76,09 -2,03 %
Atlantic Sapphire 5,09 -2,12 %
Hexagon Purus 21,50 -2,27 %
Hexagon Composites 30,64 -2,48 %
Golden Energy Offshore Services 1,08 -5,09 %
*Svenske kroner

Publisert: 25.04.2023 14:37

Sist oppdatert: 25.04.2023 16:52

Mer om