Hav Group er børsnotert
Kursfall ved børsopning.
Dei første handlane i børsnykomaren Hav Group skjedde til kurs 17,50 kroner per aksje. I kapitalutvidinga før børsnotering vart selskapet prisa til 18 kroner per aksje.
Etterspørselen før opningstid tydde på at kursen i børsnykomaren Hav Group skulle gå opp når børsen opnar klokka 09.00.
Sjå markeringa av børsnoteringa her
Henta inn 90 millionar
Hav Group henta inn 90 millionar kroner i ny eigenkapital, samstundes som Havyard Group selde 6.666.500 aksjar i selskapet i samband med emisjonen før børsnoteringa.
Kapitainnhentinga skjedde til 18 kroner pr. aksje og verdsette Hav Group til 630 millionar kroner.
Etter emisjonen eig Havyard Group 66,7 prosent av Hav Group.
Skilde ut datterselskap
I november 2020 varsla Havyard Group at datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, kunne bli skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.
Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.
Publisert: 04.03.2021 08:51
Sist oppdatert: 22.11.2021 14:01