Børsdagen: Betre og betre for offshore
To kontraktar på førkrise-nivå og ei varsla børsnotering. Farta aukar i offshorebransjen.
Både Golden Energy Offshore Services og Volstad Maritime har inngått kontraktar der betalinga er på nivå med det offshorereiarane fekk før krisa som bransjen gjekk inn i etter oljeprisfallet i 2014.
I dag varsla også selskapet S.D. Standard ETC Plc, med investoren Øystein Stray Spetalen som sentral eigar, at det vil hente inn 150 millionar kroner i ny eigenkapital og børsnotere datterselskapet Standard Sypply, med to heileigde og fem deleigde plattformforsyningsskip i flåten.
Offshorebransjen er i vinden, og resultatet av børsnoteringa av Standard Supply kan avgjere om også andre og etablerte reiarlag vil prøve seg på børsen no, for å fylle kassa etter fleire sju magre år.
Havila Shipping ble nok ein gang dagens børsvinner blant selskapa på Nordvestlandet og i dag også på Oslo Børs, med ein kursauke på 19,77 prosent, til 26,35 kroner per aksje.
Den kursen verdset Havila Shipping til 427 millionar kroner på Oslo Børs. Hittil i år har Havila Shipping-kursen stige 534 prosent og 858 prosent siste 12 måndagar.
Golden Energy Offshore Services steig 3,8 prosent i dag. Hittil i år er Golden Energy Offshore Services-aksjen opp 260 prosent.
Hovudindeksen på Olso Børs fall 0,60 prosent i dag, og åtte av selskapa frå Nordvestlandet hadde ei negativ kursutvikling med Hofseth Biocare på botn (sjå tabell).
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 26,35 | 19,77 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,7 | 3,85 % |
Havyard Group | 8,8 | 3,04 % |
Smartcraft | 18,24 | 2,47 % |
Hav Group | 14,9 | 1,36 % |
Atlantic Sapphire | 24,8 | 1,22 % |
Sparebanken Møre | 78,4 | 0,49 % |
Havila Kystruten | 18,5 | 0,00 % |
Salmon Evolution | 8,64 | -0,69 % |
Statt Torsk | 2,41 | -0,82 % |
Nortel | 18 | -2,17 % |
Endúr | 0,626 | -2,49 % |
Hexagon Composites | 33,22 | -3,32 % |
Arctic Bioscience | 15 | -3,45 % |
Hexagon Purus | 33,34 | -4,03 % |
Hofseth Biocare | 3,55 | -5,33 % |
Publisert: 09.06.2022 17:18
Sist oppdatert: 10.06.2022 08:21