Skjermfoto aksjekurs innfelt roger hofseth foto tony hall 11
HALVERT I ÅR: Skjermfoto viser aksjekursen for Hofseth Biocare på Oslo børs i år. Eigar og nyleg avgått toppsjef Roger Hofseth har heile tida hatt klokkartru på selskapet, Skjermfoto/foto: Tony Hall
Nytt

Børsdagen: Bratt år for Hofseth

Kursen til dagens tapar er halvert så langt i år.

Marius Rosbach
23.08.2022
Hofseth Biocare vart dagens børstapar mellom selskapa frå Nordvestlandet. Aksjekursen fall med 4,35 prosent til 3,3 kroner.

Nivået er ei halvering frå kursen selskapet starta året med på i overkant av sju kroner aksjen.

Hovudeigar Roger Hofseth har heile tida hatt klokkartru på selskapet, sjølv om overskota har venta på seg. Toppnivået for aksjeverdien var tilbake i november 2019 med 10,78 kroner aksjen.

Selskapet henta tidlegare i sommar inn 141 millionar kroner i friske pengar. Kort tid etter blei det kjent at tidlegare toppsjef Jon Olav Ødegård kjem tilbake i sjefsstolen, og at Roger Hofseth trår til side.

Dei friske pengane skulle nyttast generelt til drifta. Samtidig melde selskapet at dei var i ferd med å sikre seg meir råvare av restråstoff av laks, som skulle gjere at Midsund-fabrikken kan komme opp i 80 prosent kapasitetsutnytting.

Havila Shipping var dagens vinnar mellom selskapa frå regionen med ein oppgang på 2,53 prosent til 15,38 kroner. Fleire oljeservicereiarlag - med DOF og Siem Offshore i spissen - var mellom aksjene som gjekk opp tysdag - saman med oljeprisen.

Eit fat nordsjøolje var ved stengetid opp 99,4 dollar etter ein oppgang på tre prosent i løpet av dagen.

Hovudindeksen ved Oslo børs gjekk opp med 1,23 prosent tysdag.

Børstabell for selskap frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 15,38 2,53 % |
Atlantic Sapphire 19,98 1,94 %
Endúr 29,2 1,58 %
Hexagon Purus 26,42 1,41 %
Golden Energy Offshore Services 2,2 0,92 %
Havyard Group 3,7 0,82 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 36 0,79 %
Sparebanken Møre 75 0,67 %
Hexagon Composites 28,54 0,42 %
Salmon Evolution 8,91 0,11 %
Nortel 21,4 0,00 %
Statt Torsk 2,28 -0,44 %
Hav Group 13,58 -0,59 %
Arctic Bioscience 14,95 -1,64 %
Havila Kystruten 17,35 -3,34 %
Hofseth Biocare 3,3 -4,35 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 23.08.2022 17:46

Sist oppdatert: 23.08.2022 18:19

Mer om