Jon Olav Ødegård 1
LANG ERFARING: Jon Olav Ødegård var toppsjef i Hofseth Biocare i tre år, før han gjekk over til finansdirektørstillinga. No blir han toppsjef på nytt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Comeback som toppsjef

Roger Hofseth går av. Jon Olav Ødegård kjem tilbake som toppsjef i Hofseth Biocare.

29.07.2022

Ødegård blei tilsett som dagleg leiar i Hofseth Biocare i 2013 og leidde selskapet fram til hausten 2016.

Då gjekk han over til stillinga som finansdirektør i Hofseth Biocare, ei stilling han har hatt fram til han no blir toppsjef i selskapet på nytt.

I mellom tida var først Tor Erik Andersen toppsjef i eitt år, til primus motor og storaksjonær Roger Hofseth sjølv tok over som dagleg leiar. Hofseth blir no styremedlem i Hofseth Biocare.

Siktar mot legemiddelmarkanden
Hofseth Biocare er børsnotert, har hovudkontor i Ålesund og fabrikk i Midsund. Selskapet vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakselakteri og foredlingsbedrifter til ingrediensar i både dyrefôr, kosttilskot, helsekostprodukt og selskapet har dei siste åra også satsa på å utvikle produkt for legemiddelindustri.

Så langt har selskapet gått i minus nesten kvart einaste kvartal, men har finansiert verksemda med ei rekkje kapitalutvidingar, seinast tidlegare i juli. Då henta selskapet 141 millionar kroner.

To sjefsjobbar
Samstundes som Roger Hofseth har vore dagleg leiar for Hofseth Biocare har har han også vore dagleg leiar for Hofseth International, eit konsern som i 2020 hadde vakse til 4,3 milliardar kroner i driftsinntekter.

Konsernet driv både med oppdrett, fiskeforedling og eksport. Selskap i konsernet er også stor leverandør av råstoff til Hofseth Biocare.

"it has been decided to strengthen management focus in both companies.", heiter det i børsmeldinga frå Hofseth Biocare.

Hofseth held fram i Hofseth International, men i sjefstolen hos Hofseth Biocare kjem Ødegård tilbake.

Publisert: 29.07.2022 09:14

Sist oppdatert: 29.07.2022 09:19

Mer om