Fullteikna emisjon for Hofseth
Lukkast med å hente inn 141 millionar kroner.
Hofseth Biocare melder søndag kveld at dei kom i mål med emisjonen dei varsla fredag.
Selskapet ville hente 141 millionar kroner i ny eigenkapital til en kurs på fire kroner per aksje.
Hofseth Biocare-sjef og eigar Roger Hofseth har teikna seg for kring halvparten, ifølgje ei melding vesentlege transaksjonar i emisjonen.
Aksjekursen på fredag slutte på 3,73 kroner, etter eit fall på 1,84 prosent i løpet av dagen.
Fristen for å kome i mål var sett til før børsen opna måndag morgon, og det klarte dei altså med god margin.
Dei friske pengane skal nyttast generelt til drifta. Samtidig melder selskapet at dei er i ferd med å sikre seg meir råvare av restråstoff av laks. Det skal gjere at Midsund-fabrikken kan komme opp i 80 prosent kapasitetsutnytting, ifølgje meldinga.
Publisert: 03.07.2022 20:57
Sist oppdatert: 03.07.2022 21:03