Børsdagen: Børsvinnar med millionminus
Statt Torsk dagens børsvinnar på Nordvestlandet.
Golden Energy Offshore Services i Ålesund skal skifte namn fortalde Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll i eit nett-TV-intervju med Finansavisen i dag.
Det nye namnet er ikkje kjent, men ei avklaring vil kome innan relativ kort tid, ifølgje Fagervoll.
Golden Energy Offshore Service har nettopp inngått ei avtale om å overta fartøya VOS Pace, VOS Paradise, VOS Partner, VOS Passion og VOS Sugar frå eit datterselskap av nederlandske Vroon Holding B.V. Den siste er eit standby-fartøy, dei andre forsyningskip.
Prisen er 94 millioner amerikanske dollar – som tilsvarar litt under ein milliard kroner, og kjøpet utvidar flåten til reiarlaget frå tre til åtte fartøy.
Aksjekursen til Golden Energy Offshore var uendra i dag.
Hexagon Purus offentlegjorde ei avtale som kan gi milliardinntekt til selskapet. Aksjekursen steig 2,46 prosent, som tyder på at investorane ikke la svært stor vekt på meldinga. Truleg nøyer dei seg ikkje med potensialet for store inntekter, men ønskjer å sjå at det kjem konkrete oppdrag ut av avtalen.
Statt Torsk offentleggjorde tala for første halvår og andre kvartal i dag, som viste minus, og at selskapet slit med vekstproblem og låge prisar. Dette er imidlertid investorane viet frå før. Investorane trudde kanskje det skulle gå enda verre, og selskapet blei dagens børsvinnar på Nordvestlandet, med ein kursauke på 12,5 prosent.
Nortel-aksjonærane hadde frist til i dag klokka 16:30 med å svare på om dei godtek bodet frå mobiltelefonikonkurrenten Unifon på 27,50 kroner aksjen. Førebels er det ikkje kome noko avklaring om kor mange som takka ja til bodet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Statt Torsk | kr 0,27 | 12,50 % |
Arctic Bioscience | kr 9,98 | 3,10 % |
Endúr | kr 41,50 | 2,98 % |
Hexagon Purus | kr 18,30 | 2,46 % |
Atlantic Sapphire | kr 4,99 | 2,36 % |
Hexagon Composites | kr 28,76 | 2,35 % |
Salmon Evolution | kr 6,53 | 0,77 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 3,00 | 0,00 % |
Hav Group | kr 10,25 | 0,00 % |
Nortel | kr 26,40 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | kr 3,00 | 0,00 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,12 | 0,00 % |
Havila Shipping | kr 11,40 | -0,18 % |
Sparebanken Møre | kr 75,70 | -0,29 % |
Havila Kystruten | kr 1,24 | -0,40 % |
Norva 24 Group* | 24,85 kr | -0,40 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 14.08.2023 17:00
Sist oppdatert: 14.08.2023 17:03