Morten Holum Hexagon Purus
AVTALE: Hexagon Purus-sjef Morten Holum.
Nytt

Potensiell milliardavtale for Hexagon Purus

Skal levere batteriløysingar til lastebilar.

14.08.2023

Rammeavtalen med eit ikkje namngitt nordamerikansk selskap er potensielt på 150 millionar dollar, cirka 1,6 milliardar kroner, ifølgje ei børsmelding frå Hexagon Composites.

Hexagon Purus skal levere batteri og system som skal brukast i lastebilar.

Bilane skal innfri krav frå delstaten California i USA, som skjerpar utsleppskrav til lastebil- og fraktbransjen frå og med 2024.

Hecagon Purus var tidlegare ein del av Hexagon Composites før det blei skilt ut og børsnotert som eit eige selskap. Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Hexagon Purus lagar tilsvarande for hydrogen, men har også satsa på batteri- og løysingar system for bruk av batteri som energikjelde.

Hexagon Purus blei børsnotert i desember 2020. Første børsdag var kursen 39 kroner. Toppen blei nådd i januar 2021, då kursen var over 80 kroner. Eitt år etter var kursen nede i 15 kroner. Før børsopning i dag er den 17,86 kroner aksjen, som verdset Hexagon Purus til 4,9 milliardar kroner.

Publisert: 14.08.2023 07:48

Sist oppdatert: 14.08.2023 07:49