Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
OPPTUR: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug hadde fleire gode nyheiter til investorane torsdag - som svara med å sende aksjen opp. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Dagens vinnar etter godt nytt

Investorane likte meldingane frå Arctic Bioscience og Havila Shipping.

Marius Rosbach
15.05.2025

Arctic Bioscience er torsdagens vinnar på Oslo Børs. Kursen var ved 14-tida opp kring 32 prosent - og steig vidare fram til stengetid. 

Då var kursen 3,70 kroner - opp meir enn 41 prosent i løpet av dagen. 

Oppgangen kjem etter at selskapet kom med ei oppdatering til marknaden om resultat og utvikling i 1. kvartal. Dei kunne mellom anna fortelje at verksemda med sal av kosttilskot er venta å gå i balanse i løpet av 2026. 

Denne delen av verksemda leverte i tråd med budsjett – og er venta å vekse framover. Dei skal også ut med eit nytt produkt i marknaden i Norge, Sverige og Kina – og ventar å utvide verksemda til nye geografiske områder. 

Arctic Biosciences hovudverksemd dei siste åra, har vore å utvikle eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis basert på silderogn.

No ventar dei på endelege resultat frå ein større internasjonal studie som er venta i juni. 

Nivået for aksjekursen er framleis langt under verdien på aksjen i fjor haust. Då svinga kursen mellom 12 og 15 kroner – men fall bratt etter at dei første resultata frå den internasjonale studien ikkje ga dei resultata som selskapet håpte på. 

Også Havila Shipping-aksjen fekk ein opptur etter at reiarlaget leverte tal for 1. kvartal utpå dagen. Ved stengetid var kursen opp meir enn 28 prosent til 1,60 kroner. 

Hexagon Composites og Hexagon Purus-aksjane vart dagens taparar av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet med fall på høvesvis åtte og nær fire prosent. 

Nedgangen kjem etter at førstnemnte selskap la fram tal for 1. kvartal. Dei viste lågare inntekter og eit kraftig forverra underskot, som følgje av nedskriving av verdiane på Hexagon Purus-aksjane. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr
3,70
41,22 %
Atlantic Sapphirekr                   7,00 3,86 %
Endúrkr                85,10 -3,62 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,25 0,00 %
Hav Groupkr                   7,16 2,87 %
Havila Kystrutenkr                   1,09 -1,36 %
Havila Shippingkr                   1,60 28,11 %
Hexagon Compositeskr                18,00 -8,07 %
Hexagon Puruskr                   1,44 -3,93 %
Hofseth Biocarekr                   2,34 0,43 %
Norva 24 Group*36,55 kr  0,41 %
Romsdal Sparebankkr              127,00 0,02 %
Salmon Evolutionkr                   6,20 -0,32 %
Sparebanken Mørekr              103,30 0,29 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 15.05.2025 14:12

Sist oppdatert: 15.05.2025 17:15

Mer om