Roger Hofseth 2020 foto Ogne
BØRSFALL: Roger Hofseth må sjå at Hofseth Biocare-aksjen fell på børsen, men selskapet er framleis verd 1,4 milliardar. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Dårleg veke for Hofseth

Først vart det bot frå Finanstilsynet, så rasa aksjekursen.

27.04.2022

Denne børsveka har vore tung for Hofseth Biocare-aksjonærane og adm. dir. Roger Hofseth.

I går vart det kjend at Hofseth var ilagt ei bot på 75.000 kroner for brot på flaggeplikta.

Brotet skjedde hausten 2020 då Hofseth Biocare gjennomførde ei kapitalinnhenting. I emisjonen deltok ikkje adm. dir. Roger Hofseth, og fall dermed under 15 prosent eigarskap i selskapet. Dette skulle meldast til Oslo Børs, noko som ikkje skjedde.

Roger Hofseth har betalt bota frå Finanstilsynet, sjølv om han er usamd og meiner feilen skuldast ei utilsikta feilrekning.

I dag fall aksjekursen med 5,8 prosent til 4,00 kroner aksjen. Ikkje sidan juli 2019 har kursen vore så lav. Kursfallet siste månaden er på 19 prosent, og 52 prosent på årsbasis. Selskapet er no prisa til 1,4 milliardar kroner på Oslo Børs.

Hexagon-kontrakt
Hexagon Composites-aksjen steig 0,4 prosent etter at selskapet onsdag opplyste om ein ny kontrakt av dotterselskapet Hexagon Agility på levering av gasstankar til gasstransportøren Certarus.

Kontrakten er på 162 millionar kroner, ifølgje ei børsmelding. Hexagon Agility og Certarus inngjekk ei rammeavtale i 2021, og den nye kontrakten er ein del av den avtalen.

Tankane som skal leverast er store, mobile gasstankar som blir brukt til energiforsyning til anlegg og område som ikkje er knytt til gassrørledningar.

Langt verre gjekk det med Hexagon Purus onsdag, som fall heile 6,5 prosent.

Statt Torsk hadde derimot ein bra dag, der aksjekursen steig 5,1 prosent til 2,47 kroner.

Equinor til himmels
Equinor og fleire av oljeselskapa hadde ein god dag. Equinor steig med heile 5,0 prosent til 328,90 kroner Selskapet har dermed ein samla børsverdi på formidable 1035 milliardar kroner.

Dagens oppgang kom etter at det vart klart at den statlige russiske energigiganten Gazprom stansa alle leveransar av naturgass til Polen og Bulgaria.

Dette gir endå sterkare etterspørsel etter norsk gass, og innan året er over vil norsk gass strøyme til Polen gjennom rørleidninga Baltic Pipe. Gassrørledningea på 800–950 kilometer skal frakte 10 milliardar kubikkmeter gass årleg frå dei norske gassfelta i Nordsjøen gjennom Danmark og vidare til Polen.

Også andre oljeselskap som Aker BP (+2,56 prosent) og DNO (+4,71 prosent) hadde ein god dag. Det hadde òg shippingselskapet Goldean Ocean Group (+8,15 prosent) og Norsk Hydro (+5,68 prosent).

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) uttalte at det var heilt rett i dagens situasjon å selje så mykje olje og gass til Europa som muleg.

Vedum vil ha full fart
Også finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum var på bana og uttalte nye situasjonen i Europa gjer Noregs rolle som energinasjon endå viktigare. Han vil ha full fart på norsk olje- og gassproduksjon.

– I dag ser vi kor viktig det er at Noreg er ein stabil leverandør av olje og gass. Dette er det desidert viktigaste bidraget vårt til stabilitet i Europa, seier han til Klassekampen.

Han er ikkje bekymra for klimarisikoen ved å opne nye felt.

– Vi er i ein heilt unik posisjon. Det finst knapt andre demokrati som produserer olje og gass for eksport. Berre tenk korleis situasjonen hadde vore i Europa i dag om dei ikkje hadde hatt gassen frå Noreg. Det hadde vore fullstendig krise på energileveransar, seier han.

Utsleppsfri oppdrettsbåt
Samstundes tilpassar stadig fleire selskap seg det grøne skiftet. I dag vart det opplyst at planane er klare for den første hydrogendrivne oppdrettsbåten i verda, og Salmonor skal i mai avgjere om dei skal sette i gang bygginga.

Teknologi og bunkringskonsept er ferdig utvikla og klar til bygging, skriv Salmonor i ei pressemelding, omtalt i Kyst og Fjord. Eit industrielt konsortium leidd av Moen Verft har med støtte frå Enova utvikla og prosjektert ein 14,99 meter lang og ni meter brei katamaran. Dersom styret seier ja til investeringa, blir Salmonor den første oppdrettaren som tek i bruk eit havgåande hydrogenfartøy.

– I løpet av det eittårige utviklingsprosjektet er båten blitt større enn opphavleg planlagt, med bakgrunn i ønske frå oss og krav frå Sjøfartsdirektoratet. Vi er fornøgde med det byggeklare designet og har stor tru på at båten vil redusere drivstoffkostnadar og fotavtrykket frå lakseproduksjonen på Namdalskysten, seier teknisk leiar Roger Eiternes i Salmonor.

Dersom styret gjev klarsignal for å investere i prosjektet i mai, kan båten truleg settast i drift i tredje kvartal i 2023.

Hovedindeksen på Oslo Børs gjekk opp 1,0 prosent onsdag til 1.239,41 poeng. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje omsett for 103,84 dollar, ned 1,1 prosent.

Dei tonegivande børsane i Europa klarte ikkje å følgje Oslo Børs onsdag. FTSE 100-indeksen i London var ned 0,34 prosent ved handelsslutt i Oslo, DAX 30-indeksen i Frankfurt sokk 0,38 prosent, medan CAC 40 i Paris fall 0,18 prosent.

Publisert: 27.04.2022 15:35

Sist oppdatert: 27.04.2022 18:17

Mer om