Roger hofseth foto marius 222
BOT: Roger Hofseth braut flaggeplikta i Hofseth Biocare hausten 2020. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Fekk bot av Finanstilsynet

Roger Hofseth braut flaggeplikta hausten 2020.

26.04.2022

Hausten 2020 gjennomførde Hofseth Biocare ei kapitalinnhenting. I emisjonen deltok ikkje adm. dir. Roger Hofseth, og fall dermed under 15 prosent eigarskap i selskapet. Dette skulle meldast til Oslo Børs, noko som ikkje skjedde.

No er Hofseth ilagt ei bot på 75.000 kroner for brot på flaggeplikta, skriv DN.

Fall under 15 prosent
Aksjonærar i børsnoterte selskap har flaggeplikt når dei kjem under faste grenser i eigarskapet, det er 5, 10, 15, 20, 25, 33, 66 og 90 prosent eigarskap.

Under kapitalinnhentinga hausten 2020 fall Roger Hofseth sin eigardel frå 15,63 prosent til 14,55 prosent.

Eigarskapet vart litt seinare overført frå selskapet Roger Hofseth as til selskapet RH Industri as.

Utilsikta reknefeil
DN skriv at Hofseth har betalt bota, sjølv om han ikkje er samd.

Han har opplyst at feilen skjedde i samband med at det frå administrasjonen si side vart rekna ut feil eigarskapsandel i samband med kapitalinnhentinga, ein feil som var utilsikta.

Hofseth Biocare er i dag verd 1,5 milliardar kroner på brøsen, etter å ha falle i verdi 14,1 prosent siste månaden og 50,5 prosent på årsbasis.

Roger Hofseth eig 14,39 prosent av selskapet gjennom RH Industri, i tillegg til ein eigarpost på 45,3 prosent gjennom Hofseth International, som totalt eig 16,46 prosent av Hofseth Biocare.

Publisert: 26.04.2022 13:20

Sist oppdatert: 26.04.2022 13:53

Mer om