Forlenga Golden Energy avtale
OPPTUR: God børsdag for Per Ivar Fagervoll og Golden Energy Offshore Services. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Fagervoll vart børsvinnar

Offshoreaksjane steig vidare. I dag kom Golden Energy Offshore Services etter for fullt.

16.05.2022

Det Ålesund-baserte offshoreselskapet steig elleville 47,4 prosent på Oslo Børs måndag, og vart dermed dagens børsvinnar.

Sluttkursen enda på 1,99 kroner, noko som prisar heile selskapet til 69 millionar kroner.

Det er likevel langt att til kursen på 6,50 kroner aksjen frå februar 2019, men nesten ei firedobling frå botnnoteringa på 56 øre aksjen i oktober 2019.

Golden Energy Offshore Services har no alle sine fire skip i arbeid, men medan offshoreselskapa har hatt kraftig oppgang på børsen siste vekene, har Ålesund-selskapet hengt etter. I dag kom det eit skikkeleg løft.

Etter børsslutt vart det også handla 250.000 nye aksjar til 1,99 kroner.

Offshorefeber
Havila Shipping heldt fram sin kraftige oppgang måndag, og steig nye 31,5 prosent til 10,00 kroner aksjen. Selskapet er dermed prisa til 180 millionar kroner.

Også DOF steig kraftig, med heile 44 prosent, etter at selskapet melde om fleire kontraktar med Petrobras til ein samla verdi på 2,5 milliardar kroner.

Aller mest siste året er det likevel Solstad Offshore som har stige, med ein kursauke på heile 530 prosent på eitt år.

Måndag steig aksjen nye 7,0 prosent. Fredag flagga Christen Sveaas at han har fire millionar aksjar i Solstad, der Kjell Inge Røkkes Aker Capital er største eigar. Frå før har Sveaas gjennom Kistefos kjøpt seg opp i Siem Offshore.

Lavare laksepris
Også for Salmon Evolution-aksjonærane vart det ein fin børsdag. Aksjekursen steig 4,3 prosent til 8,37 kroner. Det prisar heile selskapet til 2,7 milliardar kroner.

Selskapet melde også måndag om ein innsidehandel frå sist veke, der Ane Silseth Skarvøy kjøpte 3.000 aksjar til 8,00 kroner aksjen.

Elles melder iLaks at lakseprisen no ligg rundt 90 kroner kiloen etter å ha vore handla til over 100 kroner seks veker på rad. ILaks melder om at marknaden flyt over av fisk, medan kjøparane er avventande.

Oppturar
Endúr-aksjonærane kunne glede seg over ein kursoppgang på heile 22 prosent.

Steig gjorde også Arctic Bioscience – med 4,6 prosent, og Statt Torsk – med 3,4 prosent.

Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,39 prosent til 1.219,44 poeng.

Eitt fat Nordsjø-olje vart ved børsslutt handla til 111,75 dollar fatet, så vidt opp frå fredag.

Publisert: 16.05.2022 16:49

Sist oppdatert: 16.05.2022 16:54

Mer om