Trond Lars Nydal Sparebanken Møre foto Ogne
INTERNASJONAL URO: Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal har sett ei positiv kursutvikling snu til negativ etter internasjonal bankkuro. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Fall for Sparebanken Møre

Internasjonal bankuro dreg ned verdiar også på Nordvestlandet.

Oslo børs stengde handelen for påsken klokka 13 onsdag, etter ein ny dag med fall i aksjekursane. Hovudindeksen fall med kring 0,7 prosent til 1 192,98.

Det var ingen større utslag hos nokon av selskapa frå regionen. Hofseth Biocare gjekk mest opp med 8,75 prosent. Havila Shipping gjekk ned av selskapa frå Nordvestlandet med eit fall på kring 4,67 prosent.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Kursutviklinga for eigenkapitalbevisa til Sparebanken Møre viser at den internasjonale bankuroa har vore med å dra ned verdiar også her i regionen.

Frå månadskiftet september/oktober 2022 til 3. mars steig kursen på eigenkapitalbevisa til banken frå under 70 kroner, til 84,41 kroner ved årsskiftet 2022/2023. Deretter gjekk pilane vidare opp til 88 kroner den 3.mars i år.

Det såg ut som kursen var på veg mot rekordnivået frå slutten av januar 2022 - 97,80 kroner per eigenkapitalbevis - men i staden snudde det nedover.

Før børsopning onsdag var lågast kurs ved børsslutt hittil i år 77,75 kroner. Onsdag fall kursen til 77,40 kroner då Oslo Børs opna handledagen - men henta seg litt inn att før børsen stengde til 78 kroner.

Forklaring på den negative kursutviklinga er truleg enkel. Bankuroa som starta i USA og gjorde at amerikanske styresmakter tok kontrollen over Silicon Valley Bank 10. mars, har spreidd seg og skapt uvisse verda over. Det dreier seg om den største bankkollapsen sidan 2008, ifølgje Wall Street Journal.

Ikkje lenge etter svikta tilliten til den sveitsiske banken Credit Suisse, som fekk konkurrenten USB som ny eigar.

Norske reguleringar skal hindre at norske bankar kome i same uføre, men kursutviklinga til Sparebanken Møre viser bankuro er smittsam. Noreg og Nordvestlandet er ein del av den internasjonale finansmarknaden uansett.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hofseth Biocare 2,86 8,75 %
Hexagon Composites 32,2 3,40 %
Arctic Bioscience 10,5 1,45 %
Hav Group 11,25 1,35 %
Norva24 Group * 29,25 0,69 %
Salmon Evolution 8,2 0,37 %
Havila Kystruten 9,86 0,00 %
Nortel 30 0,00 %
Sparebanken Møre 78 -0,64 %
Atlantic Sapphire 5,47 -1,08 %
Hexagon Purus 22,4 -1,32 %
Endúr 47 -1,47 %
Statt Torsk 0,99 -2,94 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,1 -3,73 %
Golden Energy Offshore Services 1,058 -3,82 %
Havila Shipping 15,52 -4,67 % |
* kurs i svenske kroner kl. 13 på Stockholms-børsen.

Publisert: 05.04.2023 13:00

Sist oppdatert: 05.04.2023 13:15

Mer om