Rentemøte: Finansuro kan presse styringsrenta eit hakk til
Ekspertane tippar Noregs Bank vil heve styringsrenta med minst 0,25 prosentpoeng.
(NPK-NTB – Mette Estep): I dag, onsdag 22. mars, er det rentemøte, og torsdag blir renteavgjerda presentert og pengepolitisk rapport frå Noregs Bank, inkludert ny prognose for renta framover.
I desember vedtok rentekomiteen einstemmig å setje styringsrenta opp med 0,25 prosenteiningar til 2,75 prosent. Vurderinga var då at styringsrenta mest sannsynleg ville setjast vidare opp i første kvartal 2023.
Ekspertane trur dette står ved lag. Sjeføkonom Frank Jullum i Danske Bank ser for seg at renta blir justert opp til 3 prosent no og deretter eitt hakk til fram mot sommaren. Det betyr gjeldande rentebane på 3 prosent vil hevast, noko han ser som nødvendig, etter bankuroa dei siste vekene og utviklinga i Noreg i år.
– Sidan desember har krona vore svakare enn forventa, og olje- og gassprisane har gått ned. Vi ser ikkje bort frå at dei justerer opp til og med eit halvt prosentpoeng torsdag for å stabilisere valutakursen, men eg trur ikkje det er det som er mest sannsynleg, seier han til NTB.
Ein liten spagat
Det har vore mykje uro på børsane i verda i kjølvatnet av at Silicon Valley Bank kollapsa i USA og at den sveitsiske banken Credit Suisse måtte ha krisehjelp.
Seniorøkonom Oddmund Berg i DNB Markets trur også Noregs Bank vil halde fram med å heve renta, til 3 prosent, og i tillegg leggje fram ein høgare rentebane.
– Vi forventar at rentebanen i år vil løftast, men at det vil ta litt tid før rentetoppen blir nådd, nettopp fordi det er argument for å vente på situasjonen og sjå an marknadene. Akkurat no er det veldig vanskeleg å seie korleis timinga blir, seier Berg.
Trass svekte krone, lågare oljepris og høg inflasjon, går norsk økonomi bra og arbeidsløysa er enno låg.
Ein renteauke kan bidra til å få ned inflasjonen, men tek Noregs Bank for hardt i, vil det kunne auke prisane, dempe aktiviteten i norsk økonomi og i neste omgang auke arbeidsløysa.
– Dette var allereie ein spagat, med mange omsyn å ta og vege mellom. Vi lever i ei tid der vi kjenner på kroppen at det er uheldig at inflasjonen er høg. Men vi bør også vere opptekne av å få dette under kontroll og håpe at dei klarer å balansere omsyn, utan å stramme for hardt, seier Berg.
Møter i USA og Storbritannia
Denne veka er det også rentemøte i den amerikanske sentralbanken Fed og Bank of England. Også der er det venta renteaukar.
Den norske krona er elles langt meir svekt mot dollar, euro og pund så langt i år enn det tidlegare prognosar tilsa.
– Det vi er mest spent på, er kor bekymra Noregs Bank er for utviklinga i kronekursen. Det er det som gjer at vi ikkje blir superoverraska viss dei leverer 50 basispunkt, men trur ikkje det. Men det er den vegen uvissa ligg, seier sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea Markets.
Publisert: 22.03.2023 08:46
Sist oppdatert: 22.03.2023 09:14