Då kvartalrapporten for 4. kvartal 2024 vart lagt fram fortalde Salmon Evolution at selskapet venta å slakte mellom 6000 og 6500 tonn laks i år.
I kvartalrapporten for 1.kvartal er produksjonsmålet redusert til 5800-6200 tonn.
I prosent er det snakk om ein reduksjon på mellom 3,3 og 4,6 prosent. Det er kanskje ein liten reduksjon, men uansett ikkjel slikt aksjeinvestorar likar.
For det første er det ei utvikling som går i feil retning i høve til kva selskapet førespegla marknaden for få månadar sidan. For det andre skaper nedjusteringa tvil om kvaliteten på selskapet sine prognosar om utviklinga framover.
Begger deler er faktorar er negative for aksjekursen, som i dag fall 2,89 prosent
Det landbaserte oppdrettselskapet med anlegg i Indre Harøy på Romsdalskysten vart børsnotert i september 2020. Ved børsnotering var kursen 7,4 kroner aksjen. I dag var kursen 6,05 kroner aksjen då børshandlen stengte for dagen.
Aksjekursen i selskapet har ligge under kursen selskapet hadde ved børsnoteringa i 2020 sidan august i fjor.
Halsebakk-familien sitt investeringsselskap er største aksjonær, med sju prosent av aksjane. Halsebakk-familien er medeigar i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund.
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | 2,82 | -1,40% |
| Atlantic Sapphire | 6,93 | -0,17% |
| Endúr | 87,90 | 0,46% |
| Golden Energy Offshore Services | 17,10 | -2,29% |
| Hav Group | 6,98 | 1,45% |
| Havila Kystruten | 1,10 | 1,38% |
| Havila Shipping | 1,25 | 0,00% |
| Hexagon Composites | 19,44 | 0,62% |
| Hexagon Purus | 1,53 | 2,13% |
| Hofseth Biocare | 2,14 | 0,94% |
| Norva 24 Group* | 36,45 | 0,00% |
| Romsdal Sparebank | 126,98 | 1,99% |
| Salmon Evolution | 6,05 | -2,89% |
| Sparebanken Møre | 101,56 | -0,63% |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 13.05.2025 17:02
Sist oppdatert: 13.05.2025 17:02






