Energy Empress foto golden energy offshore services
FÅR BETRE BETALT: PSV-en Energy Empress får betre betalt i forlenginga av oppdraget, som varer til slutten av april neste år. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Fekk meir jobb og rateauke

Forlenga oppdrag sende Golden Energy-aksjen opp. Men eit anna selskap frå regionen blei dagens vinnar.

Marius Rosbach
21.08.2023

Forsyningsskipet Energy Empress er sikra arbeid i nye seks månader, ifølgje ei børsmelding frå Golden Energy Offshore Services.

Reiarlaget opplyser at skipet får betalt 18.500 dollar dagen – om lag 200.000 kroner for oppdraget.

Det er ei auke i ratenivået samanlikna med nivået det har vore på, opplyser Golden Energy-sjef Per Ivar Fagervoll til NETT NO.

«Break-even» for kostnadene på skipet er på 13.500 dollar, opplyser reiarlaget i ei pressemelding.

Kontrakten er ei forlenging med ein ikkje namngitt operatør i Karibia, og inneheld ein opsjon på nye seks månader.

Kort tid etterpå reagerte investorane på børsen med å sende aksjekursen til reiarlaget oppover. Ved 11-tida var kursen opp 3,96 prosent til 1,156 kroner. Mot slutten av dagen fall kursen litt tilbake og slutta på 3,42 prosent auke til 1,15 kroner.

Reiarlaget har også forsyningsskipa Energy Swan og Energy Duchess, samtidig som dei har ei kraftig utviding av flåten på gong. Tidleg i august melde selskapet at dei har gjort ein avtale om kjøp av fire PSV-ar og eitt spesialskip.

Av selskapa frå Nordvestlandet var det Hexagon Composites som hadde hatt den beste dagen då børsen slutta. Aksjen auka 7,14 prosent i løpet av dagen og slutta på 33,30 kroner. Kursnivået er det høgaste sidan i vår.

Også Havila Kystruten-aksjen hadde ein god dag på børsen med ein oppgang på 6,41 prosent til 1,25 kroner.
Reiarlaget fekk i helga sitt tredje skip i drift på Bergen-Kirkenes-seglasen, etter at Havila Polaris gjekk inn i ruta frå Bodø.

Statt Torsk starta som dagens tapar på Oslo børs med eit fall på 16,16 prosent til 0,41 kroner. Aksjen henta seg inn mot slutten av dagen og enda på 0,45 kroner - eit fall på 7,36 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs steig med 0,38 prosent til 1.242,16.

Sjå børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Composites kr 33,30 7,14 %
Havila Kystruten kr 1,25 6,41 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,15 3,42 %
Hexagon Purus kr 18,82 2,73 %
Arctic Bioscience kr 9,74 1,46 %
Sparebanken Møre kr 76,40 0,46 %
Hofseth Biocare kr 3,05 0,33 %
Hav Group kr 9,94 -0,60 %
Nortel kr 26,80 -0,74 %
Endúr kr 39,50 -1,25 %
Havila Shipping kr 10,94 -1,44 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,94 -1,67 %
Salmon Evolution kr 6,50 -1,96 %
Atlantic Sapphire kr 4,50 -2,60 %
Norva 24 Group* 23,75 kr -4,04 %
Statt Torsk kr 0,45 -7,36 %
* Kurs i SEK

Publisert: 21.08.2023 11:03

Sist oppdatert: 21.08.2023 17:16

Mer om