Per Ivar Fagervoll
NØGD: I børsmeldinga der skipshandelen blei annonsert melde administrerande direktør i Golden Energy Offshore at kjøpet markerer ein viktig milepåle for selskapet. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Kursfall etter storhandel

Golden Energy Offshore Services meir enn doblar flåten, og kjøper fem nye fartøy.

Linn Antonie Vårdal Solheim
04.08.2023

Saka blir oppdatert etter handelsslutt med børstabell over selskapa tilhøyrande Nordvestlandet og oppdaterte kursar.

Klokka 15 vart handelen av Golden Energy Offshore Services-aksjar midlertidig suspendert i forbindelse med offentleggjeringa av detaljane kring avtalen om skipskjøp i ei børsmelding frå selskapet.

I tida etter at handelen opna var det store svingingar, men selskapet avslutta handelsdagen med ein nedgang på 5,22 prosent.

Blanda reaksjonar
Det er snakk om fire PSV-skip og eitt SSV-skip, der PSV-skipa er av same type som Energy Duchess og Energy Empress, som selskapet allereie har i flåten sin.

Marknaden har vore blanda i sine reaksjonar på kjøpet, som finansierast gjennom ein kombisjon av gjeld og ny eigenkapital. I forbindelse med handelen utøver Oaktree Maritime & Transportation Fund sin rett til å teikne aksjar tilsvarande om lag 49,9 prosent av den uteståande aksjekapitalen til Golden Energy Offshore Services, til ei krone per aksje.

Den nye eigenkapitalen er på rett under 57 millionar kroner.

Ein viktig milepåle
I børsmeldinga skriv dagleg leiar Per Ivar Fagervoll at selskapet er glade for å kunne meddele kjøpet av fem skip frå dotterselskapa til det nederlandske selskapet Vroon Holding, og at flåteutvidinga er ein viktig milepåle for selskapet.

Kontrakten har ein verdi på 94 millionar amerikanske dollar, og omrekna til dagens kronekurs tilsvarer det om lag 950 millionar kroner.

Hovudindeksen ved Oslo Børs er fredag opp 0,84 prosent.

Frå Nordvestlandet er nok ein gong Havila Kystruten er dagens børsvinnar, med ein mellombels auke på 12,5 prosent. Aksjen handlast for 1,35 kroner.

Kursutviklinga i selskapet har den siste tida vore prega av store kollapsar og påfølgjande rekylar, i kjølvatnet av emisjonar, rettsavgjerder, finansierings- og låneavtalar og eigarskifte av skip, for å nemne noko.

Selskapet overtok eigarskapet av kystruteskipa Havila Polaris og Havila Pollux førre helg, og selskapet har hatt ei god veke på børs sidan, med ein vekesauke på 36,6 prosent.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten kr 1,35 12,50 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,10 7,64 %
Hofseth Biocare kr 3,14 6,44 %
Hav Group kr 10,20 3,03 %
Nortel kr 27,00 1,50 %
Sparebanken Møre kr 77,40 0,53 %
Endúr kr 39,00 0,00 %
Sparebank 1 SMN kr 143,40 -0,14 %
Atlantic Sapphire kr 6,02 -0,17 %
Norva 24 Group* kr 25,50 -0,20 %
Statt Torsk kr 0,47 -0,63 %
Salmon Evolution kr 6,83 -0,73 %
Hexagon Purus kr 19,04 -1,45 %
Havila Shipping kr 11,82 -2,31 %
Hexagon Composites kr 27,70 -2,33 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,27 -5,22 %
Arctic Bioscience kr 9,64 -10,33 %
* Kurs i SEK

Publisert: 04.08.2023 16:01

Sist oppdatert: 04.08.2023 16:50