Energy Paradise Energy Pace Foto Golden Energy Offshore 11
MEIR ARBEID: Golden Energy har mellom anna sikra meir arbeid til Energy Pace. Her frå flaggseremonien då reiarlaget tok over skipet i fjor. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Får betalt nær 300.000 kroner dagen

Golden Energy Offshore sikra tredje kontrakt på kort tid - og skaut opp på børsen.

Marius Rosbach
09.04.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Golden Energy Offshore Services melde tysdag om ei tredje korttidskontrakt for eit av reiarlaget sine skip, Energy Pace.

Meldinga gjorde at aksjekursen på Oslo børs skaut opp med meir enn fem prosent. Reiarlagsaksjen vart dagens vinner av selskapa frå regionen, sjølv om kursen fall litt tilbake utover ettermiddagen.

Saman med dei to kortidsoppdraga Golden Energy Offshore melde om i førre veke, utgjer kontraktane arbeid for eit drygt år samla, ifølgje børsmeldinga frå selskapet.

Snittraten er på meir enn 28.000 amerikanske dollar dagen – eller knappe 300.000 kroner, opplyser selskapet.

Betalinga er på nivå med kva reiarlaget fekk betalt mot slutten av året i fjor – og betydeleg over nivået frå i fjor på same tid. Det er likevel eit stykke opp til rekordnivået sommaren 2022 - på kring 450.000 kroner dagen.

Oljeprisen har vore over 90 dollar fatet, men fall tysdag med kring 0,8 prosent og låg på kring 89.30 dollar ved stengetid.

Hovudindeksen på Oslo børs gjekk svakt opp til 1352,65 poeng.

Samla verdi på 115 millionar
Reiarsjef Per Ivar Fagervoll uttaler i meldinga at han er glad for at selskapet har sikra seg kontraktane.

Samla har dei tre oppdraga ein verdi på kring 115 millionar norske kroner. I tillegg inkluderer kontraktane opsjonar på like mykje arbeid.

Selskapet opplyser ikkje kven som er kundane, utover at alle skipa er på oppdrag for internasjonal aktørar.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services kr 1,67 3,09 %
Hofseth Biocare kr 2,08 2,46 %
Hexagon Purus kr 6,91 2,37 %
Norva 24 Group* kr. 26,15 1,95 %
Hav Group kr 9,36 1,08 %
Romsdal Sparebankekr 108,960,87 %
Hexagon Composites kr 19,08 0,42 %
Havila Kystruten kr 0,74 0,00 %
Atlantic Sapphire kr 0,84 -0,36 %
Sparebanken Møre kr 84,13 -0,47 %
Endúr kr 50,50 -0,59 %
Salmon Evolution kr 6,90 -0,86 %
Havila Shipping kr 5,45 -2,33 %
Arctic Bioscience kr 10,10 -2,88 %
* Kurs i SEK

Publisert: 09.04.2024 12:28

Sist oppdatert: 09.04.2024 17:03

Mer om