Børsdagen: Gir frå seg kontrollen med Leirvik-verftet
Sævik-familien er ikkje lenger hovedeigar av Leirvik-verftet etter at Havyard Group fredag kjøpte opp BKS Holding.
Havyard Group vart børsvinnar fredag med ein oppgang på 38 prosent. Dermed er heile selskapet prisa til 235 millionar kroner.
Oppgangen kjem etter at selskapet fredag opplyste om at ein har overtatt alle aksjane i Sunnhordaland-selskapet HG Holding, og dermed vert 100 prosent eigar av selskapa BKS Holding og Fossberg Kraft.
Kjøpet vert i stor grad finansiert ved at BKS Holding-eigarane får aksjar i Havyard Group.
I praksis fører det til at Sævik-familien går frå rundt 57 prosent eigarskap i Havyard Group, til å eige rundt 20 prosent.
Inn i kraftmarknaden
Denne utvatninga fører også til at Sævik-familien ikkje lenger er hovudaksjonær i verftet Havyard Leirvik, som Per Sævik kjøpte frå Kværner Group i 2000.
Samstundes fører transaksjonen til at Havyard Group både kjøper seg inn i norsk kraftproduksjon gjennom Fossberg Kraft, og i tillegg får 370 nye tilsette som gjennom BKS Holding spesielt jobbar inn mot elektro, tekniske installasjonar og automasjon.
Les også
Utbyte til Hav Group
Samstundes deler Havyard Group ut ti millionar aksjar i utbyte til Hav Group-aksjonærane, eit selskap som Sævik-familien er hovudaksjonær i.
I Hav Group er dei grøne satsingane samla, som Hav Hydrogen, Norwegian Electric Systems, Norwegian Greentech og Hav Design.
Endringa fører til at det vert lenger eigarmessig avstand mellom Hav Design og Havyard Leirvik, samstundes som at Havyard Leirvik vil få tilført kompetanse gjennom BKS Holding.
Derimot fall Hav Group-aksjen fredag med 3,2 prosent til 15,20 kroner. Dette selskapet er prisa til 520 millionar kroner.
Laksehopp
Salmon Evolution-aksjonærane hadde ein bra børsdag fredag. Aksjekursen steig 6,3 prosent til 8,83 kroner.
Nettstaden iLaks kunne melde at lakseprisen på nytt bikka 100 kroner etter eit stort fall etter toppen i april.
– 100 kroner for 3-4, 104 kroner for 4-5, 107-108 kroner for 5-6 og 6+ ligg på 112-115 kroner, seier ein oppdrettar til iLaks om prisbildet no.
Derimot fall Atlantic Sapphire-aksjen 1,4 prosent til 18,60 kroner.
Ein fin dag hadde også Golden Energy Offshore Services-aksjonærane. Aksjen steig 11,1 prosent til 2,05 kroner.
Hovudindeksen på Oslo Børs steig 1,2 prosent til 1.238,12 poeng fredag.
Eitt fat nordsjøolje kosta ved børsslutt 112,38 dollar, ein oppgang på 0,8 prosent.
Publisert: 20.05.2022 12:48
Sist oppdatert: 20.05.2022 19:07