HAV kollasj 1 v børnotering Hav Group foto Oslo Børs
AKSJAR SOM UTBYTTE: Havyard Group-aksjen går opp og Hav Group-aksjen går ned etter at Havyard Group varsla at selskapet vil dele ut inntil halvparten av aksjane sine i Hav Group.
Nytt

Deler ut Hav Group-aksjar

Havyard Group lettar på kontrollen over Hav Group og aksjekursen stig kraftig.

22.11.2021

Havyard Group vil dele ut inntil halvparten av aksjane selskapet sit med i Hav Group som ekstraordinært utbytte til aksjonærane.

Det skriv selskapet i ei børsmelding.

Havyard Group skilde ut storparten av datterselskapa sine og la dei inn i selskapet Hav Group, som blei børsnotert i mars i år.

Etter omorganiseringa er Havyard Group eit selskap som i hovudsak eig skipsverftet i Leirvik i Sogn og aksjane i Hav Group.

Framlegget om ekstraordinært utbytte skal behandlast i ei generalforsamling i Havyard Group i desember.

Havyard Group heldt imidlertid på ein dominerande aksjepost i selskapet, 66,46 prosent, etter børsnoteringa. No blir aksjane spreidde på fleire.

Sævik-familien størst
Framlegget om å dele ut Hav Group-aksjar aksjar direkte til aksjonærane i Havyard Group gir Sævik-familien, med Per Sævik i spissen, ein litt mindre dominerande posisjon i Hav Group.

Sævik-familiens holdingselskap, Havila Holding, eig 40,35 prosent av aksjane i Hav Group. Dei tre barna til Per Sævik eig 5,21 prosent kvar gjennom eigne selskap og Per Sævik eig 1,74 prosent gjennom selskapet Pison.

Grøn satsing
Det var i november 2020 at Havyard Group at datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, kunne bli skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.

Børsmeldinga om framlegget om å dele ut Hav Group-aksjar kom klokka 13:35 i dag. Rett før meldinga vart Havyard Group-aksjane handla til 11,32 kroner per aksje.

Like etter var kursen 12,30 kroner per aksje og klokka 13:58 14,40 kroner per aksje. Klokka 14:26 er kursen 13,10, opp 15,7 prosent samanlikna med kursen då børsen stengte fredag i førre veke. Den kursen verdset selskapet til 329 millionar kroner.

Hav Group- aksjane er ned 2,66 prosent samanlikna med sluttkurs fredag. Klokka 14:28 er kursen 15,95, som verdset Hav Group til 558 millionar kroner.

Publisert: 22.11.2021 13:55

Sist oppdatert: 22.11.2021 14:50