Børsdagen: God fiskevekst ga kursoppgang
Salmon Evolution var dagens soleklare vinnar frå nordvest.
Statusoppdateringa frå lakseoppdrettarane i Salmon Evolution måndag fekk god respons i børsmarknaden.
Aksjekursen steig 12,25 prosent i løpet av dagen og enda med ein kurs på 8,59 kroner. Det betyr at akjseverdien ved slutte av dagen var tilbake på nivået frå kring årsskiftet.
Børsverdien på selskapet er no tett under tre milliardar kroner.
God vekst og kvalitet
Årsaka til at marknaden reagerte positivt, var at veksten for den første laksen i tankane ved anlegget på Indre Harøy overgår forventningane. Også vasskvaliteten er god, og det same er fiskehelsa, med lave dødstal.
Selskapet viser også til at testar av fisken viser svært god kvalitet, inkludert prima smak, opplyste selskapet i rapporten.
Salmon Evolution vil også framskunde utsetting av neste smolt -og det blir sett ut meir enn planlagt.
Hovudindeksen på Oslo børs steig kraftig i løpet av dagen og endte med ein oppgang på 2,78 prosent.
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag | |
Salmon Evolution | 8,59 | 12,25 % | |
Havila Shipping | 15,02 | 5,83 % | | |
Hexagon Purus | 25,4 | 2,83 % | |
Arctic Bioscience | 14 | 2,19 % | |
Sparebanken Møre | 76,94 | 1,36 % | |
Havila Kystruten | 19,2 | 1,32 % | |
Norva24 Group * | 36,2 | 1,12 % | |
Golden Energy Offshore Services | 1,915 | 0,26 % | |
Nortel | 19 | 0,00 % | |
Hexagon Composites | 27,14 | -0,15 % | |
Statt Torsk | 1,95 | -0,26 % | |
Havyard Group | 3,58 | -0,56 % | |
Atlantic Sapphire | 20,34 | -0,78 % | |
Hofseth Biocare | 3,7 | -0,80 % | |
Hav Group | 13,32 | -2,77 % | |
Endúr | 23 | -4,17 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 04.07.2022 16:47
Sist oppdatert: 04.07.2022 17:07