First smolt release March22 09
SALMON EVOLUTION: Her kjem første smolten inn i fisketanken på Indre Harøy. Foto: Salmon Evolution
Nytt

No er første smolten på plass

- Dette er berre starten. Det seier Salmon Evolution-sjefen etter å ha fått første smolten på plass.

28.03.2022

Laurdag vart det sett ut rundt 100.000 smolt på Indre Harøy ved Hustadvika.

Smolten vart levert av Kraft Laks, Salmon Evolution sitt eige smoltanlegg.

– Sidan vi starta bygginga tilbake i mai 2020, er dette øyeblikket vi alle har venta på, seier administrerande direktør Håkon André Berg.

- Eg er ekstremt stolt av organisasjonen vår og det faktum at vi har vore i stand til å overhalde vår ambisiøse tidslinje, sjølv med utfordringane vi stod overfor under pandemien, seier Berg, i ei børsmelding måndag.

Oppført seg normalt
Smolttransporten frå Kraft Laks til Indre Harøy vart utført med brønnbåt.

I børsmeldinga vert det vist til at fisken vart forsiktig pumpa inn i den første fisketanken på Indre Harøy. Etter denne prosessen og ei vanleg kort tilpasningsperiode for fisken, starta innleiande fôring.

Selskapet melder at forholda i oppdrettsanlegget har vore stabile, fisken har vist god appetitt og har hatt ein oppførsel i tråd med forventningane.

Salmon Evolution-sjefen seier at førsteprioriteten vidare er biologien i anlegget.

40 tilsette
Han opplyser at det no er meir enn 40 tilsette i organisasjonen.

Neste smolutsetting er venta å skje allereie i mai.

Salmon Evolution har ein årleg produksjonskapasitet på 31.500 tonn. Selskapet har også planar om å føre opp eit liknande anlegg i Sør-Korea saman med Dongwon Industries.

Salmon Evolution First smolt release March22 06
SMOLT: 100.000 smolt er no i første tanken. Foto: Salmon Evolution

Publisert: 28.03.2022 08:09

Sist oppdatert: 28.03.2022 11:42

Mer om