Sjekk børstabell for Nodvestlandet under saka
tysdag fortel Arctic Bioscience at ein studie viser «signifikante effekter» av et middel mot psoriasis, kontra bruk av placebo.
Betydeleg fleire pasientar som blei behandla med middelet HRO350, oppnådde ein reduksjon av sokalla systemisk inflammatorisk markør etter både 26 veker og eitt års behandling, ifølgje ei børsmelding.
Meldinga blei sendt ut få minutt før handelen ved Oslo børs opna.
Skaut opp frå start
Arctic Bioscience-aksjen skaut fart frå start og var opp nær 20 prosent i løpet av få minutt. Då blei aksjen handla til 4 kroner. Etter ein halvtimes handel fall aksjen litt tilbake.
Ved stengetid var kursen nede i 3,70 kroner aksjen og ein oppgang på drygt 10 prosent.
Bortsett frå nokre korte periodar har kursnivået vore under fire kroner sidan hausten 2024. Då blei dei første resultata frå studien kjent, og aksjen fall frå kring 14 kroner.
Skal i dialog med potensielle partnarar
Valderhaug seier funna frå analysane vil vere viktig for selskapet når dei går inn i kommersielle dialogar med potensielle partnarar.
Studien er ein sokalla fase 2b-studie som inkluderte 500 pasientar i fem land.
Selskapet som har base i Hovedbygda har dei siste åra satsa stort på å utvikle og få legemiddelgodkjent produktet, som er basert på silderogn.
Skuffande resultat frå første studie
Resultata frå den første studien av middelet, gav ikkje dei svara det børsnoterte selskapet og investorane hadde håpa på.
Problemet var at mange av testpersonane som berre fekk narremiddel også viste gode resultat av behandlinga.
Om selskapet skal forfølgje planen om å få godkjent HRO350 som eit ferdig godkjent reseptbelagt legemiddel, ligg dette framleis fleire år fram i tid.
Børstabell for Nodvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,70 | 10,45 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,48 | 0,00 % |
| Endúr | kr 84,00 | -0,83 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 16,75 | 5,02 % |
| Hav Group | kr 6,32 | -2,77 % |
| Havila Kystruten | kr 1,27 | 1,20 % |
| Havila Shipping | kr 1,24 | 1,65 % |
| Hexagon Composites | kr 8,94 | -2,08 % |
| Hexagon Purus | kr 1,73 | -13,30 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,90 | 0,53 % |
| Tinde Sparebank | kr 121,98 | -0,34 % |
| Salmon Evolution | kr 5,18 | 0,78 % |
| Sparebanken Møre | kr 100,36 | -0,24 % |
Publisert: 04.11.2025 09:14
Sist oppdatert: 04.11.2025 17:05






