Børsdagen: Henta inn det tapte
2022 starta med nedtur for Endúr-aksjonærane, men hausten har vore god.
Torsdag steig aksjekursen i industrikonsernet Endúr med 3,28 prosent, til 34,50 kroner aksjen.
Artec Aqua i Ålesund er det viktigaste datterselskapet i Endúr-konsernet. Artec Aqua teiknar og prosjekterer bygging av landbaserte anlegg til fiskeoppdrett.
Kursen verdset selskapet til 940 millionar kroner.
Fredag kjem Endúr med tal for tredje kvartal.
Dagens kurs er omlag på nivå med kursen ved starten av året, og slik sett har aksjonærane lite å glede seg over. Men 2022 starta med ein lang nedtur, heilt ned til 20 kroner aksjen 10. mai i år.
Då NETT NO i starten av mai skreiv om kursfallet hadde vi fleire forklaringar på den langvarige nedturen for Endúr-aksjen:
- Ei kansellert kontrakt for Artec Aqua på 350 millionar kroner.
- I november i fjor henta Endúr inn 170 millionar kroner i ny eigenkapital, mellom anna for å betale ned gjeld.
- I september i fjor trekte Endúrsjefen seg på dagen etter mangelfull rapportering om at selskapet ikkje innfridde lånevilkåra i eit olbigasjonslån.
- I halvårsrapporten for 2021 rapporterte Endúr om høgare kostnadar enn venta på to fastpriskontraktar Artec Aqua hadde inngått.
Etter 10. mai har det gått oppover i rykk og napp og aksjeverdiane som gjekk tapt i løpet av våren, er vunne tilbake.
Artec Aqua har fått sin første bindande kontrakt i utlandet. Konsernet er med i konkurransen om ei fleirårig milliardavtale om vedlikehald av norske fregattar. Endúr har heller ikkje blitt trekt ned av nedturen for oppdrettsaksjar, som blei utløyst av regjeringa sitt framlegg om å kraftig skatteauke for oppdrettsnæringa.
Børstabell for Nordvestlandet:
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Nortel | 21,60 | 6,93 % |
Hofseth Biocare | 2,79 | 4,89 % |
Arctic Bioscience | 14,90 | 4,20 % |
Endúr | 34,50 | 3,28 % |
Sparebanken Møre | 79,10 | 2,66 % |
Norva 24* | 29,50 | 0,61 % |
Statt Torsk | 2,03 | 0,50 % |
Havila Kystruten | 18,35 | 0,27 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,25 | 0,00 % |
Hexagon Composites | 26,16 | -0,15 % |
Hav Group | 10,64 | -0,56 % |
Atlantic Sapphire | 7,140 | -2,26 % |
Hexagon Purus | 21,60 | -2,35 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,90 | -2,56 % |
Havila Shipping | 13,60 | -2,86 % |
Salmon Evolution | 8,46 | -3,09 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 17.11.2022 16:43
Sist oppdatert: 17.11.2022 17:33