Børsdagen: Endúr-nedtur
Endúr fall i dag til sitt lågaste nivå sidan Artec Aqua-grunnleggarane selde og fekk halve kjøpesummen som Endúr-aksjar.
Artec Aqua-grunnleggarane Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland selde selskapet til det børsnoterte industrikonsernet Endur i januar 2021.
Halvparten av kjøpesummen var aksjar i Endúr, som då var verdett til 345 millionar kroner .
Handelen gjorde også dei tre til den største aksjonæren i Endúr, gjennom sitt felles selskap Artec Holding. Artec Aqua blei det viktigaste selskapet i Endúr-konsernet.
Selde Artec Aqua-eigarane selskapet sitt, eller tok dei over industriselskapet Endúr?, skreiv NETT NO i ein analyse.
I dag er Artec Holding sin aksjepost på 27,4 prosent krympa til 192 millionar kroner.
Dagens kurs, på 0,51 kroner per aksje er også den lågaste sidan Endúr kjøpte Artec Aqua. I dag fall kursen 3,77 prosent og hittil i år har kursen falle 26 prosent.
Like før Oslo Børs stengte handelen før helga kom Endúr med ei melding om at ein Artec Aqua-kunde kansellerte ein kontrakt på 350 millionar kroner.
Den meldinga slo truleg ut på børskursen i dag, men forklaringa på den langvarige nedturen for Endúr-aksjen er ikkje berre å finne hos Artec Aqua:
* I november i fjor henta Endúr inn 170 millionar kroner i ny eigenkapital, mellom anna for å betale ned gjeld.
* I september i fjor trekte Endúrsjefen seg på dagen etter mangelfull rapportering om at selskapet ikkje innfridde lånevilkåra i eit olbigasjonslån.
* I halvårsrapporten for 2021 rapporterte Endúr om høgare kostnadar enn venta på to fastpriskontraktar Artec Aqua hadde inngått.
Forretningsområdet oppdrett i Endúr-konsernet, der Artec Aqua i Ålesund er det klart største selskapet, auka driftsinntektene med 87 prosent i fjor, medrekna den no kansellerte kontrakten.
Ordreinngangen til Artec Aqua - som er spesialist på prosjektering av landbaserte oppdrettsanlegg - varslar ytterlegare vekst, skriv Endúr i kvartalsrapporten pr. 4. kvartal 2021.
Publisert: 02.05.2022 17:35
Sist oppdatert: 02.05.2022 18:17