Alotta solkraft solenergi foto Marius Beck Dahle
TIL CHILE: Kapitalutvidinga i Alotta er stor nok til at selskapet kan levere 20 flytande solcelleanlegg til Chile, med den forretningmodellen selskapet har vald. Foto: Alotta
Nytt

Børsdagen: Henta kapital i tøff marknad

Ketchup-effekt for Alotta. Tre investorar størst i kapitalutvidinga.

01.10.2025

Trass i praktisk tall null i inntekt i fjor og eit samla minus på over 60 millionar kroner sidan starten har Alotta - tidlegare Inseanergy - greidd å hente inn 63,5 millionar kroner i ny eigenkapital.

Selskapet lagar flytande solcelleanlegg, med oppdrettselskap som kundegruppe. 

Forretningmodellen Alotta har vald i Chile er kapitalkrevande. Eit datterselskap i konsernet skal eige og drive anlegga, og selge kraft til oppdrettselskap på lange kontraktar.

I dag kunngjorde selskapet avtalt med to oppdrettselskap i Chile og håpar på vekst i eit land der infrastrukturen er langt mindre utbygd enn i Noreg, slik at fordelen med å vere sjølvforsynt med straum også er større.

Dei tre største deltakarane i kapitalutvidinga er AWhilhelmsen-familien sitt investeringsselskap Wilstar Innovate. Alotta er den første investeringa til Wilstar Innovate, som går inn med omlag 25 millionar kroner i kapitalutvidinga ifølgje dagleg leiar Kari Elin Hildre i Alotta. 

Dagens to største eigarar, Norselab og Umoe går inn med til saman omlag like mykje. Før kapitalutvidinga eige dei 30,3 prosent kvar i selskapet.

Børstabell for Nordvestlandet: 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,30 -3,51 %
Atlantic Sapphirekr                   7,55 -0,64 %
Endúrkr                83,40 0,60 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,50 0,00 %
Hav Groupkr                   6,70 -1,18 %
Havila Kystrutenkr                   1,28 4,49 %
Havila Shippingkr                   1,31 -0,38 %
Hexagon Compositeskr                10,98 0,92 %
Hexagon Puruskr                   1,68 -1,18 %
Hofseth Biocarekr                   1,72 -2,82 %
Tinde Sparebankkr              121,00 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   5,05 -0,20 %
Sparebanken Mørekr              106,00 -1,45 %
   

Publisert: 01.10.2025 16:09

Sist oppdatert: 01.10.2025 17:28

Mer om