Alotta - tidlegare Inseanergy - hentar inn 63,5 millionar kroner i ny eigenkapital i samband med at selskapet har inngått ein avtale med Mowi Chile.
Avtalen inneber at Alotta skal eige anlegga og levere straum frå flytande solcelleanlegg til Mowi Chile-oppdrettsanlegg i 15 år framover, fortel selskapet på si nettside.
«Denne avtalen bekrefter Alottas eie-og-drive-modell, og sikrer en langsiktig leveranse av ren energi til en av verdens viktigste regioner for lakseproduksjon», skriv selskapet.
Kunder nummer to i Chile
På investorarrangementet DNB NXT i Ålesund onsdag sa dagleg leiar Kari Elin Hildre i Alotta at selskapet også har inngått ein liknande avtale med det chilenske oppdrettselskapet Trusal.
Det gjeld også å selge straum for eitt anlegg - og avtalen har også opsjon om at den kan utvidast til ytterlegare fem anlegg.
Hildre vil ikkje kommentere om også Mowi-avtalen omfattar opsjonar om ytterlegare anlegg.
Nye investorar
Gjennom ei kapitalutviding på 63,5 millionar kroner kjem også selskapet Wilstar Innovate inn som ny medeigar. I tillegg er eksisterande store eigarar; Norselab, Umoe, Bondø Invest og Pir Invest med på kapitalutvidinga.
Wilstar Innvovate er ein del av AWilhelmsen Group.
I og med at Alotta-konsernet sjølv skal eige anlegga og selge kraft på lange avtalar krevst det meir kapital om Alotta sel anlegga straks dei er produsert.
Med den nye kapitalutvidinga er Alotta i stand til på levere 20 anlegg etter den modellen som er vald i Chile, seier Hildre.
I fjor hadde Alotta nesten ikkje inntekt og eit resultat før skatt på minus 18 millionar kroner. I årsmeldinga for 2024 skreiv selskapet at det er venta vekst i år.
Nye kontrakter
I februar i år offentleggjorde selskapet si første kontrakt i år, med oppdrettselskapet Emilsen Fisk. Storleiken på kontrakten er ikkje opplyst.
I juli i år melde selskapet at Emilsen Fisk bestilte nok eit anlegg. Månaden før melde selskapet at det hadde fått på plass sitt første anlegg i Chile.
Det blir ein del av avtalen og heng saman med kapitalutvidinga som er varsla no.
Ifølgje databasen Proff.no er Norselab og Umoe dei to største aksjonærane før kapitalutvidinga, med 30,3 prosent eigarandel kvar.
Publisert: 01.10.2025 12:29
Sist oppdatert: 01.10.2025 22:51






