Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
MEIR FRISKE PENGAR: Statt Torsk-sjef Gustave Brun-Lie (innfelt) får meir pengar til å utvikle selskapet som satsar på torskeoppdrett. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Henta nye millionar til torskeoppdrett

Ny tøff dag for Nortel frå Ålesund.

Marius Rosbach
05.01.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Statt Torsk hentar inn tre millionar kroner i ein tilleggsemisjon, opplyser selskapet i ei børsmelding torsdag.

Statt Torsk-aksjen var torsdag ettermiddag oppe på ein kurs på 1,83 kroner aksjen, men sank heilt mot slutten av dagen og enda på 1,78 kroner i ein liten nedgang.

Torskeoppdrettarane henta inn 40 millionar kroner i starten av desember. Samtidig vart det annonsert ein mogleg tilleggsemisjon på opptil ti millionar kroner med ein kurs på 1,7 kroner aksjen.

Torsdag opplyser selskapet at dei har fått teikningar på aksjar for knappe 3,2 millionar kroner.

Etter emisjonen i desember var aksjen nede på eit førebels botnnivå på 1,68, og i romjula nådde aksjen eit nytt botnnivå på 1,58 kroner. Det forklarar truleg den slappe interessa for å vere med i tilleggsemisjonen.

Av selskapa frå Nordvestlandet var det Hexagon Purus som hadde den beste utviklinga med ein oppgang på 3,36 prosent til 22,74 kroner.

Nortel hadde ein ny tøff dag med ein nedgang på 4,95 prosent til 19,20 kroner. Teleselskapet frå Ålesund har opplevd eit lite kursras etter at aksjen var oppe i 24 kroner måndag. Det har samtidig vore handla små volum i aksjen.

Pilene for hovudindeksen på Oslo børs peika opp torsdag til 1.173,78, mellom anna grunna høgare oljepris.

Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Purus 22,74 3,36 %
Golden Energy Offshore Services 1,32 2,72 %
Havila Kystruten 11,05 2,72 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,99 2,40 %
Endúr 32,5 2,36 %
Hexagon Composites 30,28 1,82 %
Arctic Bioscience 10,95 1,39 %
Salmon Evolution 8,43 1,08 %
Norva24 Group * 34,08 0,18 %
Sparebanken Møre 80,83 -0,06 %
Statt Torsk 1,78 -0,56 %
Hav Group 8,7 -1,14 %
Havila Shipping 12,18 -2,40 % |
Hofseth Biocare 3,1 -2,52 %
Atlantic Sapphire 6,905 -3,02 %
Nortel 19,2 -4,95 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 05.01.2023 16:31

Sist oppdatert: 05.01.2023 17:05

Mer om