Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
MEIR KAPITAL: Statt Torsk-sjef Gustave Brun-Lie (innfelt) får meir pengar til å utvikle selskapet som satsar på torskeoppdrett. Fleire i Brun-Lie-familien, mellom anna bror og styreleiar Nicolas Brun-Lie var med på emisjonen. Foto: Statt Torsk
Nytt

Henta 40 friske millionar

Torskeoppdrettar lukkast med kapitalinnhenting.

Marius Rosbach
08.12.2022

Statt Torsk har lukkast med å hente inn minst 40 millionar kroner i friske pengar til selskapet, ifølgje ei børsmelding seint torsdag.

Det skjer ved ein kapitalutviding til kurs på 1,7 kroner per aksje, som blei varsla etter børsslutt torsdag ettermiddag. Aksjekursen same dag slutta på 1,93 kroner etter eit fall på 2,28 prosent.

Selskapet gjekk på børs våren 2021 og ved starten av året var aksjekursen på 2,6 kroner.

Fleire i leiinga og styret i Statt Torsk, og andre med tilknyting til desse, hadde på førehand forplikta seg til å teikne seg for aksjar for nær 28 millionar. I tillegg går Klo Holding, som eig Øyfisk og kvifiskprodusenten Gunnar Klo, inn med 4,0 millionar.

Vidare blir det vurdert ein reparasjonsemisjon som kan gi ytterligare ti millioner kroner i ny kapital, opplyser selskapet.

Midlane skal brukast til å forbetre slaktekapasiteten, auke biomassen ved dei eksisterande anlegga og ved det nye anlegget ved Apalset, i tillegg til generelle selskapsforemål.

Publisert: 08.12.2022 23:31

Sist oppdatert: 08.12.2022 23:43

Mer om