Hexagon Purus over ni milliardar
MOTGANG: Hexagon Purus-sjef markerer børsnotering av selskapet i desember 2020. Då var alt som kunne kallast grønt popilæørt på børsen.
Nytt

Børsdagen: Hexagon Purus-fallet held fram

Framleis negative reaksjonar på det store underskotet i 3. kvartal.

22.10.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Då børsen stengte onsdag var kursen til Hexagon Purus 1,7 kroner aksjen. Det er 4,17 prosent ned sidan børsen stengte dørene tysdag ettermiddag.

Kursen verdset selskapet til knappe 730 millionar kroner.

Før børsen opna tysdag la Hexagon Purus fram kvartalsrapporten for tredje kvartal, som mellom anna viste eit underskot før skatt på over ein milliard kroner.

Det førte til eit kursfall på over 17 prosent.

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, og leverer også batterisystem. Når hydrogen er produsert av fornyebarenergi eller kjernekraft er det ein energiberar som ikkje gir utslepp av CO2.

Største aksjonær er Hexagon Composites, som lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. 

Børstabell for Nordvestlandet: 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,50 -1,96 %
Atlantic Sapphirekr                   7,50 -5,66 %
Endúrkr                84,70 -1,51 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,85 -0,83 %
Hav Groupkr                   6,30 -1,56 %
Havila Kystrutenkr                   1,25 -1,57 %
Havila Shippingkr                   1,19 0,00 %
Hexagon Compositeskr                   9,28 -0,54 %
Hexagon Puruskr                   1,70 -4,17 %
Hofseth Biocarekr                   2,00 0,00 %
Tinde Sparebankkr              120,00 -0,08 %
Salmon Evolutionkr                   5,23 0,77 %
Sparebanken Mørekr              102,00 0,95 %
   

Publisert: 22.10.2025 13:30

Sist oppdatert: 23.10.2025 16:54