Hexagon Purus Illustrasjonsfoto Hexagon Purus 11
HYDROGEN: Hexagon Purus satsa først på tankar og system for hydrogen som energiberar, men har etterkvart også satsa på batteri- og batteriløysingar. Foto: Hexagon Purus
Nytt

Hexagon Composites under 50 prosent

Har ikkje lenger full kontroll i Hexagon Purus.

15.08.2023

Etter at Hexagon Composites bestemte seg for å dele ut mange av aksjane eigde i Hexagon Purus som utbytte til aksjonærane sine er eigarandelen redusert frå 68,39 prosent til omlag 43 prosent.

Hexagon Composites er framleis største eigar i Hexagon Purus, men er ikkje lenger eigar av over to tredjepartar av aksjane og heller ikkje eigar av 50 prosent.

Transaksjonen er gjort som ein del av planen for å få Hexagon Purus flytta frå marknadsplassen Euronext Growth og over til hovudlista på børsen, der krav til tal på aksjonærar er strengare. Selskapet vart flytta over på hovudlista i mars, men endringa i eigarskapet vart først gjort i juli.

Les børsmelding her

Hexagon Purus var tidlegare ein del av Hexagon Composites, før det blei skilt ut og børsnotert som eit eige selskap.

Hexagon Composites - med Flakk-famlien som stor aksjonær - lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Hexagon Purus lagar tilsvarande for hydrogen, men har også satsa på batteri- og løysingar system for bruk av batteri som energikjelde.

Begge selskapa har hovudkontoradresse i Ålesund.

Vekst og underskot
Hexagon Purus er framleis i ein vekstfase, skriv selskapet i delårsrapporten som er offentleggjort i dag.

Veksten i driftsinntekter er opp 55 prosent i første halvår, samanlikna med 1. halvår 2022. Underskotet før skatt auka 25 prosent i same periode, til 305 millionar kroner i 1. halvår 2023.

Hexagon Purus ASA

1. halvår. I mill. kroner

20232022
Driftsinntekt573,5369,2
Driftsresultat-259,8-250,1
Resultat før skatt-304,6-242,9
Hexagon Purus ASA
2. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt329,6210,1
Driftsresultat-120,0-135,3
Resultat før skatt-149,9-123,4

Publisert: 15.08.2023 09:00

Sist oppdatert: 15.08.2023 09:01

Mer om