Gunnar Larsen Hav Group Skjermbilde foto Hav Group
OPTIMIST: Hav Group-sjef Gunnar Larsen meiner framleis etterspørselen etter meir energieffektive og miljøvennlege løysingar utviklar seg i selskapet sin favør. Skjermfoto
Nytt

Børsdagen: Imponerte ikkje

Fall etter dagens halvårsrapportar for Hav Group og Havyard. Nortel dagens vinnar.

Marius Rosbach
31.08.2022

Nortelsteig mest av aksjane til dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet onsdag. På lågt volum steig aksjen til teleselskapet med 4,76 prosent til 22 kroner. Det er høgaste kurs for aksjen sidan april.

Arctic Bioscience hadde svakast utvikling av selskapa frå regionen på børsen, med eit fall på 5,92 prosent til 14,30 kroner.

Hav Group og Havyard Group leverte halvårstal tidleg onsdag, utan å imponere marknaden. Hav-aksjen fall med 2,65 prosent til 13,20 kroner, medan Havyard fall 1,94 prosent til 3,535 kroner.

Ein rekke oljerelaterte aksjar fall, etter at oljeprisen gjekk bratt ned i løpet av dagen. Ved stengetid for Oslo børs hadde prisen henta seg litt opp att, og var på 96,6 dollar fatet – eit fall på kring 3,2 prosent i løpet av dagen.

Hovudindeksen på Oslo børs steig med 0,32 prosent til 1248,67.

Børstabell for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Nortel 22 4,76 %
Hexagon Composites 28,32 1,51 %
Salmon Evolution 8,63 0,94 %
Atlantic Sapphire 18,75 0,81 %
Endúr 30,8 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 2,17 0,00 %
Havila Kystruten 17,6 0,00 %
Hofseth Biocare 3,38 -0,29 %
Hexagon Purus 24,66 -0,80 %
Sparebanken Møre 73,2 -1,08 %
Statt Torsk 2,19 -1,35 %
Havyard Group 3,535 -1,94 %
Havila Shipping 15,48 -2,03 % |
Hav Group 13,2 -2,65 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 34,2 -2,70 %
Arctic Bioscience 14,3 -5,92 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 31.08.2022 16:48

Sist oppdatert: 31.08.2022 17:08

Mer om