HAV Group Gunnar Larsen Siv Remoy Vangen foto hav group 11
VENTAR VEKST: Hav Group-sjef Gunnar Larsen og Siv Remøy-Vangen, leiar for datterselskapet Norwegian Electric Systems, eitt av fire datterselskap i konsernet - som spår kraftig vekst dei komande åra.
Nytt

Held fast på milliardmål

Hav Group meiner selskapet har vinden i ryggen.

31.08.2022

På kort sikt er marknaden prega av uvisse og utsette oppdrag, men Hav Group meiner framleis etterspørselen etter meir energieffektive og miljøvennlege løysingar utviklar seg i selskapet sin favør.

Det gjer at selskapet held fast ved si tidlegare prognose om å nå 1,3 milliardar kroner i driftsinntekter i 2025. Men driftsinntektene fall frå første halvår i fjor til første halvår i år (sjå tabell).

Inntektsfallet er ifølgje selskapet eit resultat at selskapet har mange prosjektoppdrag, der dei bokførte inntektene vil svinge mykje frå år til år. Selskapet driv og rein tradingverksemd av utstyr, og den gjekk ned i første halvår.

Les børsmelding her

Pluss med høge energiprisar
Det er fire faktorar som gir Hav Group draghjelp, etter selskapet si vurdering; høge energiprisar, aukande merksemd om å redusere utslepp av CO2 frå fossilt drivstoff, auka utbygging av havvind-anlegg for kraftproduksjon og god fart i nybyggingsmarknaden for skip.

Klikk her for å sjå resultatpresentasjonen for Hav Group

Børsnoterte Hav Group blei skilt ut frå Havyard Group i 2021 og omfattar skipsdesignselskapet Hav Design, Hav Hydrogen - som lagar løysingar for bruk av hydrogen som energiberar på skip, Norwegian Electric Systems - som lagar system for styring og bruk av elektrisitet mellom anna til framdrift på skip og Norwegian Greentech -som lagar system for rensing av ballastvatn.

Nye storaksjonærar
I løpet av 2. kvartal fekk Havyard Group nye storaksjonærar.

Tidlegare var Havila Holding dominerande eigar (40,4 prosent), men eig no berre 13,9 prosent. Største eigar er Tore Thorkildsen med 23,5 prosent eigarandel gjennom sitt selskap Nintor.

Endringa på eigarsida kom ved at Havyard Group kjøpte aksjane i selskapet HG Holding og dermed blei eigar av selskapa BKS Holding og Fossberg Kraft.

Prisen var 280 millionar kroner, der 245 millionar kroner av kjøpesummen vart gjort opp med aksjar i Havyard Group.

I tillegg til skipsverftet Havyard Leirvik driv Havyard Group no også med utbygging og drift av småkraftverk gjennom Fossberg Kraft og levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester gjennom BKS Holding-selskapa.

Les børsmelding her

Klikk her for å sjå resultatpresentasjonen i Havyard Group direkte frå klokka 0900, eller i opptak seinare.
Hav Group ASA
1. halvår. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt358,7611,6
Driftsresultat22,056,0
Resultat før skatt21,456,0
Hav Group ASA
2. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt159,9303,9
Driftsresultat13,936,8
Resultat før skatt16,838,4
Havyard Group ASA
1. halvår. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt129,3629,6
Driftsresultat-8,126,5
Resultat før skatt-17,670,7

Publisert: 31.08.2022 08:52

Sist oppdatert: 31.08.2022 09:19

Mer om