Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
NEDTUR FOR SJØMAT: Seks lakseselskap blir skulda for moglege brot på EUs konkurransereglar. Selskapa risikerer store bøter, men fleire av dei avviser skuldingane. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Investorane fryktar milliardbøter

Mørk dag for norsk sjømat etter skuldingar frå EU.

25.01.2024

(NPK-NTB-NETT.NO): Etter at hovudindeksen på Oslo børs starta i pluss, gjekk den i minus etter nyheita om at seks lakseselskap er skulda for moglege brot på EUs konkurransereglar.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Fleire av selskapa fall kraftig på børsen etter at nyheita kom. Verst gjekk det utover Grieg Seafood, Lerøy Seafood og Mowi om hadde fall på meir en fem prosent ein time tid før handelen slutta. Også Salmar, Cermaq og Bremnes er mellom selskapa som no risikerer milliardbøter.

Brota skal ha skjedd i perioden 2011 til 2019 og var knytt til spotmarknaden.

EU-kommisjonen meiner selskapa kan ha utveksla sensitive opplysningar knytt til salspris, volum og produksjonskapasitet, og dessutan andre faktorar som påverkar prissetjing av fersk oppdrettslaks. Kommisjonen har ikkje konkludert i saka, og det dreiar seg om at varsel om vedtak etter at saka er etterforska.

Dersom kommisjonen konkluderer med at oppdrettsselskapa har brote reglane, kan dei få ei bot på opptil 10 prosent av den årlege omsetninga i selskapet.

Den var ifølgje E24.no på 126 milliardar i 2022 – som betyr at selskapa risikerer bøter på opptil 13 milliardar.

Jussprofessor Erling Hjelmeng seier likevel til NRK at snittet ligg på rundt 2 til 3 prosent. Førebels er det uklart kor alvorleg brota kan vere.

– Det kjem ikkje fram eigentleg noko meir enn at det dreier seg om utveksling av sensitiv informasjon. Det dei viser til er salsprisar, seier Hjelmeng til kanalen.

– Så er spørsmålet om det er planlagde prisar. Det er veldig alvorleg brot på konkurransereglane. Men om det er meir deling av salsstatistikkar, vil det også kunne vere eit regelbrot, men ikkje så alvorleg, legg han til.

Fleire av selskapa var raskt ute sine innvendingar.

– Mowi avviser kommisjonens førebelse synet og karakteristikkane om den påstått åtferda i marknaden for norsk oppdrettslaks og er overtydde om at det ikkje har vore noko brot på konkurransereglane, heiter det i ei melding frå selskapet.

Også Lerøy og Salmar avviser skuldingane.

– Salmar er sterkt usamd i Kommisjonens førebelse vurdering og vil gjere greie for Salmars syn i eit grundig tilsvar, skriv selskapet i ei melding.

Kommisjonen påpeikar at Noreg står for over halvparten av produksjonen av oppdrettslaks på verdsbasis, og at EU er den største importøren.

Dei påståtte brota gjeld sal av fersk, heil og sløgd oppdrettslaks, som utgjer nærare 80 prosent av all oppdrettslaks som blir eksportert frå Noreg. Frosen laks eller omarbeidde produkt som laksefilet, loin eller røykelaks er ikkje ramma.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Shipping kr 5,35 4,70 %
Norva 24 Group* 28,45 kr 2,89 %
Arctic Bioscience kr 10,50 1,94 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,20 1,91 %
Salmon Evolution kr 6,94 0,58 %
Sparebanken Møre kr 85,00 0,41 %
Hexagon Composites kr 24,88 0,08 %
Atlantic Sapphire kr 1,56 -0,26 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,39 -0,29 %
Endúr kr 40,00 -0,50 %
Havila Kystruten kr 0,73 -0,54 %
Statt Torsk kr 0,62 -0,65 %
Hofseth Biocare kr 2,57 -0,77 %
Nortel kr 25,00 -0,79 %
Hav Group kr 11,95 -1,24 %
Hexagon Purus kr 8,81
* Kurs i SEK

Publisert: 25.01.2024 15:57

Sist oppdatert: 25.01.2024 16:49

Mer om