Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Torsdag låg det an til ein solid rekyl på Oslo børs etter at president Trump hadde annonsert dagen i forvegen hadde annonsert tollpause.
Hovudindeksen skaut opp frå start og var på eit tidspunkt opp kring fem prosent.
Deretter bar det nedover, men ved stengetid var hovudindeksen framleis opp 2,84 prosent i løpet av dagen til 1401,51 poeng.
Likevel er det eit stykke opp til nivået frå mars månad over 1500 poeng.
For selskapa frå Nordvestlandet utmerka Atlantic Sapphire seg med motsett forteikn. Aksjen fall kring 25 prosent, etter at verdien meir enn dobla seg dagen i forvegen.
Auken kom etter at selskapet kom med ei positiv driftsmelding. Samtidig er verksemda til det Vestnes-registrerte selskapet i den amerikanske delstaten Florida, innanfor Trumps sine tollmurar.
Havila Shipping var på same tidspunkt mest opp av selskapa frå regionen med fem prosents auke.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 4,36 | -10,84 % |
| Atlantic Sapphire | kr 10,15 | -24,81 % |
| Endúr | kr 72,20 | 3,44 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 17,05 | 0,89 % |
| Hav Group | kr 6,48 | -0,31 % |
| Havila Kystruten | kr 0,90 | 3,46 % |
| Havila Shipping | kr 1,16 | 5,00 % |
| Hexagon Composites | kr 18,22 | 3,76 % |
| Hexagon Purus | kr 1,63 | 1,34 % |
| Hofseth Biocare | kr 2,10 | 4,48 % |
| Norva 24 Group* | 36,20 kr | 0,42 % |
| Romsdal Sparebank | kr 123,96 | 0,78 % |
| Salmon Evolution | kr 5,70 | 3,45 % |
| Sparebanken Møre | kr 93,77 | 1,65 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 10.04.2025 14:12
Sist oppdatert: 10.04.2025 17:01






