Erik Høyvik CEO Eqva foto Ogne
MEIR OPTIMISTISK: Erik Høyvik er administrerande direktør i Eqva. Ved utgangen av februar i år har selskapet ei ordrebok på 491 millionar kroner opp frå 345 ved årsskiftet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kjempeopptur etter talslepp

Investorane samde med Eqva-sjefen om at framtida ser lysare ut.

Marius Rosbach
28.02.2023

Industri- og ingeniørselskapet Eqva fekk ein solid opptur på børsen, etter å ha starta dagen med talslepp.

Ein oppgang på 31,03 prosent og dagens soleklare vinnar på Oslo børs, var fasiten då handelen slutta. Kursen på 3,80 kroner per aksje, er den høgaste sidan september i fjor og prisar selskapet til 273 millionar kroner.

Selskapet kunne fortelje at inntektsprognosen auka og at dei trudde lønnsemda ville bli betre. Det var tydeleg investorane samde i.

Etter refinansieringa og reorganiseringa av Havyard Group, der fire dotterselskap blei skilt ut, kjøpte Eqva i fjor BKS Holding og Fossberg Kraft via HG Group,

Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane, medan Havila og Sævik-familien eig nær 20 prosent.

Hofseth Biocare, Hav Group og Endúr fekk også opptur på børsen tysdag av selskapa frå Nordvestlandet.

Havila Shipping slapp sine tal for siste kvartal i 2022 tysdag ettermiddag. Rekneskapen viste at reiarlaget skriv opp skipsverdiane – og aukar gjelda. Aksjen fall med 0,93 prosent i løpet av dagen.

Elles var det lite bevegelse i aksjane frå regionen. Hovudindeksen på Oslo børs gjekk opp til 1.240.92.

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,8 31,03 %
Hofseth Biocare 2,88 7,87 %
Hav Group 11,32 5,79 %
Endúr 39 4,00 %
Hexagon Purus 35,02 2,70 %
Golden Energy Offshore Services 1,485 2,41 %
Arctic Bioscience 13,3 2,31 %
Norva24 Group * 32,78 1,36 %
Hexagon Composites 37,52 0,70 %
Salmon Evolution 8,47 0,47 %
Sparebanken Møre 85,4 0,36 %
Statt Torsk 1,48 0,33 %
Nortel 25,6 0,00 %
Atlantic Sapphire 7,4 -0,07 %
Havila Kystruten 10,15 -0,49 %
Havila Shipping 17 -0,93 % |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 28.02.2023 16:56

Sist oppdatert: 28.02.2023 17:37

Mer om