Ocean Sun
NEDOVERBAKKE ETTER TOPP: Kursutviklinga til Ocean Sun frå børsnoteringa i oktober 2020 til i dag. Grafikk: Oslo Børs
Nytt

Børsdagen: Krympa verdi på solenergi-selskap

Kursen til Inseanergy-partnar Ocean Sun ned 94 prosent sidan toppen.

26.04.2024

Akkurat som Inseanergy i Ålesund, har Ocean Sun satsa på flytande solcelleanlegg for elektrisitetproduksjon, Ocean Sun for generell kraftproduksjon, Inseanergy spesielt retta mot havbruksbransjen.

I fjor gjekk dei to selskapa inn i ein strategisk samarbeidsavtale for globale leveranser av grønne energiløsninger til akvakultur, og tidlegare i år kom Ocean Sun-medeigar Jens Ulltveit Moe inn som ny storaksjonær i Inseanergy saman med investeringgselskapet Norselab.

Ingen av selskapa har meldt om nye kontraktar sidan kapitalutvidinga tidlegare i år.

Inseanergy er ikkje børsnotert, så det er aksjekursutvikling i Ocean Sun som gir det meste presise signalet om kva forventningar det er i aksjemarknaden til flytande solcelleanlegg.

Ocean Sun var børsnotert i oktober 2020, då alt som var grønt var i vinden blant investorane. Kursen spratt raskt opp frå knappe 15 til 57,50 kroner aksjen. Toppen vart nådd i februar 2021. Sidan har det stor sett gått nedover, først fort, deretter sakte. Førebels botnrekord er 3,17 kroner aksjen - i mars i år. Noko kraftig løfta bort frå botnen har aksjen ikkje fått og i dag fall kursen 3,57 prosent, til 3,51 kroner aksjen.

Den kursen prisar selskapet til 158 millionar kroner, litt over det dobbelt av det Inseanergy truleg vart verdsett til etter kapitalutvidinga tidlegare i år.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hexagon Purus 5,34 5,74 %
Norva 24 Group* 25,35 2,22 %
Hav Group 9,02 1,12 %
Atlantic Sapphire 0,89 0,79 %
Salmon Evolution 6,97 0,72 %
Hexagon Composites 16,78 0,36 %
Sparebanken Møre 85,42 0,06 %
Golden Energy Offshore Services 1,85 0,00 %
Romsdal Sparebank 109,60 -0,36 %
Hofseth Biocare 2,09 -0,48 %
Havila Kystruten 0,80 -1,23 %
Endúr 47,50 -1,76 %
Havila Shipping 6,80 -4,23 %
Arctic Bioscience 9,85 -5,29 %
* Kurs i SEK

Publisert: 26.04.2024 16:55

Sist oppdatert: 26.04.2024 19:23

Mer om