Fleire tør satse på vekstbedrifter
ÅKP ser klar trend med profesjonalisering av investorane på Nordvestlandet. Inseanergy er mellom dei som søker større kapitalmiljø.
Denne veka gjekk årets første runde av Investormatch av stabelen på Norsk Maritime Kompetansesenter (NMK) i Ålesund. Arrangementet er ein møteplass for vekstselskap og investorar, som har vorte svært populært og i år var det venteliste for å vere med.
Då NETT NO intervjua fagleg leiar Håvard Risnes under Investormatch i fjor, etterlyste han fleire investorar som ville satse på vekstbedrifter.
ÅKP-rådgjevaren si frykt var at dei mest framoverlente selskapa med ambisjonar som å bli «olympiske meistrar», blir eigde av folk utanfor Sunnmøre.
– Må være på landslaget for å vinne i OL
I år kan Risnes fortelje om ein trend der investorar frå regionen no også plasserer kapital via venturefond.
– Det har vore ei kraftig auke med investorar frå regionen som går saman og tør å satse på unge teknologiselskap som står i vekst. Det nye no er at vi ser at dei mest profesjonelle investorane også plasserer kapital via venturefond. Ein har erkjent at ein må vere på landslaget for å vinne i OL, seier Risnes til NETT NO.
Han nøler ikkje med å kalle utviklinga for gledeleg – spesielt i ein situasjon der mange gründerar opplever at tilgangen på kapital har vorte mindre.
– Ei form for profesjonalisering av investormiljøet
Venturefond – også omtala som private equityfond – tør gjerne ta meir risiko enn andre investorar – og ikkje minst tek dei ei aktiv rolle for å utvikle selskapet. Ikkje minst har dei kompetanse og eit internasjonalt nettverk, som akuar teknologiselskapa sin sjanse for å vinne.
– Det er ei form for profesjonalisering av investormiljøet som gjer at det blir lettare å hente pengar for selskap i regionen som matchar kriteria til desse fonda, seier Risnes.
Investorar som kan bidra med meir enn pengar
Deltakarane på Investormatch fekk møte fleire ambisiøse selskap frå regionen som nettopp er på jakt etter denne type risikovillig kapital.
Inseanergy som satsar på flytande solcelleanlegg for oppdrettsnæringa, er mellom dei som no skal hente inn fleire titals millionar for å vekse.
Gründer og forretningsutviklar Jan Erik Våge Klepp fortalde at dei har sikra seg driftskapital frå DNB - som også ønsker å vekse med selskapet.
I tillegg er dei interessert i å få med større kapitalmiljø som kan vere med dei på den vidare reisa.
– Vi vil gjerne ha smart kapital, altså kapital som kan gi oss meir enn kroner og øre. Vi ønsker å knytte til oss investorar som både kan vere med å rådgje og eventuelt ta plass i styret, for å hjelpe oss gjennom den vekstfasa vi skal inn i, fortalde han.
Mål om å hente inn 46 millionar
Tidleg i 2022 gjennomførte Inseanergy ei kapitalutviding på 30 millionar kroner. Emisjonen gjekk via Folkeinvest og gjorde at selskapet fekk nær 600 nye aksjonærar.
Målet til selskapet no er å hente inntil 46 millionar kroner i løpet av året.
Under Investormatch utelukka Klepp heller ikkje ei framtidig børsnotering som eit alternativ, om det viser seg å vere rett, som han seier.
– I første omgang vil vi bli ein lønnsam grøn leverandør til havbruksnæringa. Det vil gjere oss attraktive både for systemleverandørar for akvakultur, private equity-fond og andre aktørar.
Ifølgje vekstmåla til selskapet håpar dei å omsette for drygt 60 millionar i år, og om lag fem gonger så mykje i 2028.
Eks-Firmenich Bjørge Biomarin i nytt selskap
Tidlegare dagleg leiar i Firmenich Bjørge Biomarin, Tormod Thomsen, representerte eit anna vekstselskap som presenterte seg på Investormatch.
Thomsen er no dagleg leiar i Trondheim-baserte Picterus som har utvikla ein teknologi som gjer det mogleg å nytte mobiltelefonen for å oppdage og overvake gulsott hos nyfødde.
Han påpeika at tilstanden – som i utgangspunktet er enkel å behandle, også fører til at tusenvis av barn verda over får hjerneskade og døyr.
Selskapet har brukt åtte år og kring 70 millioner kroner på å utvikle løysinga og er no klar for vekst.
– Vi har gjort unna det vesentlege av regulatorisk arbeid og teknologisk utvikling. No dreier det seg om å skalere for sal og komme ut i marknaden, fortalde han.
Publisert: 31.03.2023 10:30
Sist oppdatert: 31.03.2023 11:48