Ode anlegg Inseanergy Alida foto Ogne
SOLKRAFTVERK: Torskeoppdrettselskapet Ode har eit Inseanergy-anlegg for å levere straum til lokaliteten Oda har ved Alida i Volda. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Ulltveit-Moe stor aksjonær i to solcelle-konkurrentar

Inseanergy har fått ein storaksjonær som også er fjerde største eigar i ein børsnotert konkurrent.

20.02.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Etter at børsnoterte Ocean Sun og Ålesund-selskapet Inseanergy forlikte ein patentstrid i fjor inngjekk dei to selskapa i oktober 2023 også ei "strategisk samarbeidsavtale for globale leveranser av grønne energiløsninger til akvakultur.", heiter det i ei melding på Inseanergy si nettside.

Avtalen inneber at Inseanergy skal ta i bruk Ocean Sun si løysing i sine anlegg. "Etter å ha fått en god dialog med selskapet, og bedre kjennskap til Ocean Sun sin patenterte solcelleteknologi, besluttet vi å ta teknologien i bruk i vårt grønne energisystem for havbruk", sa dagleg leiar Kari-Elin Hildre i Inseanergy i meldinga.

Begge selskapar laga flytande solcelleproduksjonsanlegg. Inseanergy har spesialisert seg på anlegg som skal forsyne oppdrettsanlegg med straum.

Felles aksjonær
I fjor vår gjennomførte Inseanergy ei kapitalutviding i regi av selskapet Folkeinvest, eit selskap som har spesialisert seg på å kople selskap og mindre investorar. Målet var å hente inn mellom 10 og 25 millionar kroner. Resultatet blei 11 millionar.

Selskapet varsla også at dei seinare ønskte å få inn større investorar som kunne bidra med kunnskap og nettverk.

Den kapitalutvidinga kom først i år, då investeringselskapet Umoe (Jens Ulltveit-Moe) og Norselab gjekk inn med 30 millionar kroner.

Inseanergy har ikkje opplyst kor stor eigarandel Umoe/Norselab har, men Finansavisen skreiv at verdien av Inseaneanergy var sett til 40 milionar kroner før kapitalutvidinga. Det betyr at dei no til saman eig over 40 prosent. Då har du eit ord med i laget.

I Ocean Sun eig Umoe 8,9 prosent av aksjane og er fjerde største eigar.

Med strategisk samarbeidsavtale og delvis felles eigarar er grunnlaget lagt for at dei to selskapa kan finne enda tettare saman. Skjer det, kan Inseanergy bli børsnotert, om enn som ein del av eit samanslått selskap.

Bak skjema
Både Inseanergy og Ocean Sun ligg bak skjema i høve til forventningane selskapa hadde til vekst og inntening.

- Utviklinga har ikkje gått så fort som vi hadde trudd, sa dåverande Ocean Sun-sjef og grunnleggar av selskapet, Børge Bjørneklett til Finansavisen i august 2023.

Bjørneklett gjekk nyleg av som leiar i Ocean Sun.

Les børsmelding her

Ocean Sun hadde 16,4 millionar kroner i inntekter i fjor. 3,2 millionar kroner var salsinntekter. Resultatet før skatt blei minus 18,4 millionar kroner.

Då selskapet vart børsnortert i oktober 2020, var kursen omlag 14 kroner aksjen. I februar 2021 nådde kursen ein topp på 57,50 kroner aksjen. Ved børsslutt måndag var kursen 4,28 kroner aksjen, som verdset selskapet til drygt 190 millionar kroner.

I invitasjonen til å teikne aksjar i Inseanergy gjennom Folkeinvest i fjor, var selskapet verdsett til 93,5 millionar kroner, før kapitalutviding. Då hadde Inseanergy ein prognose på 63 millionar kroner i inntekter i 2023 og 173 millionar kroner i år.

I samband med at Umoe og Norslag blei medeigarar i år sa Inseanergy-sjef Kari-Elin Korsnes Hildre til Finansavisen at selskapet i fjor prioriterte "å etablere ei robust teknisk løsning for å rigge selskapet for rask internasjonal skalering og har hatt mindre fokus på salg".

I år er budsjettet rundt 40 millionar kroner i inntekter.

Artikkelen er oppdatert med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,13 7,93 %
Endúr 42,50 2,91 %
Hofseth Biocare 2,39 2,58 %
Hexagon Composites 19,90 2,47 %
Havila Shipping 4,62 1,43 %
Havila Kystruten 0,85 1,19 %
Hav Group 11,40 0,00 %
Sparebanken Møre 86,50 -0,15 %
Golden Energy Offshore Services 1,42 -0,42 %
Salmon Evolution 6,47 -0,46 %
Norva 24 Group* 27,05 -1,28 %
Arctic Bioscience 10,25 -2,38 %
Atlantic Sapphire 1,51 -5,39 %
Hexagon Purus 7,17 -5,53 %
* Kurs i SEK

Publisert: 20.02.2024 12:07

Sist oppdatert: 20.02.2024 19:25

Mer om