Børsmeldinga som Arctic Bioscience sende ut måndag kveld gjorde at Oslo Børs stengte handelen i aksjen ved børsopning. Då handelen opna igjen vart aksjen handla til under 60 prosent av verdien ved børsslutt dagen føre.
Rett før børsopning melde børsen at kursen låg an til bli 7,50 kroner aksje ved børsopning. Den første handelen skjedde til under fem kroner aksjen - ned frå 13 kroner ved børsslutt måndag ettermiddag.
Kursen fall vidare ned mot slutten av dagen og enda på 2,90 kroner - eit verdifall på meir enn 77 prosent.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Hovudindeksen på Oslo børs sank med 0,82 prosent til 1438,27 poeng.
Uventa placebo-effekt
Arctic Bioscience arbeider med å utvikle og få godkjent eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis. Det var dei første resultata av ein større internasjonal studie av middelet selskapet offentlegjorde måndag.
Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug sa til Nett No tysdag at dei venta ein viss reaksjon, men at «kjenst litt valdsamt ut», som ein kommentar til kursfallet.
Han kryssar fingrane for at selskapet i vinter - når studien er ferdig - vil få resultat som er gode nok til å at dei går vidare med prosessen.
Sjølv om funna viste ein positiv effekt, var det også positive effektar hos dei forsøkpersonane i studien som vart behandla med eit middel utan verknad.
Denne såkalla placebo-effekten gjer at studien ikkje har gitt den avklaringa om effekten Arctic Bioscience hadde håpa på.
Studien skal halde fram i nye seks månader og er den første av to slike større undersøkingar selskapet må gjennomføre for å kome i mål med eit godkjent legemiddel.
Eigarskap på Nordvestlandet
Arctic Bioscience vart børsnotert i 2021.
Halsebakk-familiens investeringsselskap Ronja Capital II er største eigar (12,17 prosent). Styreleiar Harald Nordal eig 6,09 prosent gjennom selskapet Capra Invest og er nest største eigar.
I tillegg til Halsebakk-familien og Nordal er det fleire aksjonærar frå Nordvestlandet blant dei 20 største eigarane. Nordvestlendingane blant dei 20 største aksjonærane, eig rundt 50 prosent i selskapet.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Composites | kr 39,40 | 0,77 % |
Hexagon Purus | kr 7,96 | 0,51 % |
Norva 24 Group* | kr 30,20 | 0,33 % |
Sparebanken Møre | kr 83,99 | 0,25 % |
Hav Group | kr 8,74 | 0,23 % |
Havila Kystruten | kr 0,70 | 0,14 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,20 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | kr 122 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | kr 1,59 | 0,00 % |
Endúr | kr 56,50 | -1,57 % |
Salmon Evolution | kr 6,73 | -1,75 % |
Havila Shipping | kr 3,37 | -2,18 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 27,40 | -3,52 % |
Arctic Bioscience | kr 2,90 | -77,69 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 15.10.2024 08:47
Sist oppdatert: 15.10.2024 17:32