Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
KRAFTIG FALL: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug fortel han venta ein viss reaksjon. Tysdag fall aksjekursen til selskapet kraftig. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Arctic Bioscience-sjefen etter kursfallet: – Kjenst litt valdsamt ut

Kryssar fingrane for at dei får gode resultat om få månader.

Marius Rosbach
15.10.2024

Arctic Bioscience-aksjen fekk ein kraftig smell tysdag. Midt på dagen var kursen ned over 75 prosent samanlikna med sluttkursen måndag. 

Bakgrunnen er meldinga om dei første resultata frå ei større internasjonal studie for eit middel mot hudsjukdomen psoriasis.

– Vi venta ein viss reaksjon, men det kjenst litt valdsamt ut, seier Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug til Nett No på spørsmål om korleis han ser på kursfallet. 

Det Ørsta-basrte selskapet arbeider med å utvikle og få godkjent eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, og studien er den første av to større undersøkingar dei må gjere for å kome dit. 

I meldinga måndag kveld fortalde selskapet at funna viste ein positiv effekt for deira middel, men at det også var positive effektar hos dei forsøkspersonane i studien som vart behandla med eit middel utan verknad. 

Fekk ikkje avklaringa dei håpa på
Den sokalla placebo-effekten gjer at studien ikkje ga den avklaringa Arctic Bioscience hadde håpa på.

– Her har vi ein jobb å gjere internt ved å grave meir i detaljane kring placebo-gruppa. Når det er sagt, så kan det vere at placebo-effekten har teke av når vi kjem til slutten av studien, seier Valderhaug om korleis dei går vidare. 

Han påpeiker at psoriasis er ein sjukdom med sesongsvingingar som kan påverke tilstanden til pasientane. 

– Slike ting kan vi få korrigert når vi får med heile perioden, legg han til.

Får endelege resultata i vinter
Studien går over 12 månader og vil vere ferdig i januar/februar månad neste år. 

Valderhaug kryssar fingrane for at dei då kan legge fram resultat som er gode nok til å at dei går vidare. 

– Resultata vil vere avgjerande for om vi går vidare med ein sokalla fase 3-studie som vi treng for å kunne marknadsføre det som legemiddel, seier han. 

Vi har ikkje noko drastisk kapitalbehov her og no
Christer Valderhaug

Jobbar med nye finansieringsløysingar
Arctic Bioscience-sjefen fortel at det heile tida arbeider med å redusere kostnadene, samtidig som det blir jobba med finansieringsløysingar på sikt. 

Selskapet kan ha behov for meir kapital for å fullføre heile løp med ein ny studie og ei endeleg godkjenning av legemiddelet. 

Samtidig har dei inntekter frå kosttilskot som «rullar og går og ser positivt ut», som Valderhaug seier. 

– Vi jobbar med masse tiltak og det har vi gjort over ei lengre periode. Vi har ikkje noko drastisk kapitalbehov her og no, legg han til.

Publisert: 15.10.2024 13:27

Sist oppdatert: 15.10.2024 13:27

Mer om