Salmon Evolution First smolt release March22 06
OPPTUR: Salmon Evolution driv landbasert oppdrett i sitt anlegg på Romsdalskysten. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Børsdagen: Kurshopp etter oppdatering

Høgaste kurs sidan mai 2023 for Salmon Evolution.

04.01.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Torsdagens oppdatering frå det landbaserte oppdrettsselskapet Salmon Evolution blei godt mottatt i aksjemarknaden. Kursen då børsen stengte var opp 3,75 prosent til 7,17 kroner per aksje.

Det verdset selskapet til 2,98 milliardar kroner, den høgaste verdien sidan mai 2023.

I november i fjor fall kursen under seks kroner aksjen, men etterpå har det gått oppover.

Salmon Evolution driv landbasert lakseoppdrett i Indre Harøy på Romsdalskysten. Selskapet melde torsdag om god vekst, god kvalitet på fisken - og forventingar om ein vesentleg auke i slaktinga frå og med andre kvartal i år.

Kombinert med trua på ein høg laksepris, ser investorane ut til å dele Salmon Evolution sine forventingar om ei god avkastning i år.

  • Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset har kjøpt 20.000 aksjar i Hexagon Purus til 10,95 kroner aksjen, ifølgje ei børsmelding. Kjøpet er gjort gjennom Engeset sitt investeringsselskap Dionysos. Etter kjøpet eig han og nærståande 219.473 aksjar i selskapet. Hexagon Composites er største eigar i Hexagon Purus. Hexagon Composites lagar tankar og system fro bruk av natur- og biogass som energikjelde. Hexagon Purus lagar tilsvarande for bruk av hydrogen som energiberar.
  • Ei ekstraordinær generalforsamling i Hofseth Biocare har godkjent ei kapitalutviding på 144 millionar kroner, som blir gjort ved at selskapet Hofseth International gjer om gjeld til aksjar. Hofseth Biocare brukar avskjer og restråstoff frå lakse- og ørretslakteri som råstoff for vidareforedling ved fabrikken i Midsund til produkter som blir brukt i kjæledyrfôr og helsekost, og arbeider og med å utvikle medisinske produkt.
Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hofseth Biocare 2,63 3,95 %
Salmon Evolution 7,19 3,75 %
Atlantic Sapphire 1,68 3,19 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,19 2,57 %
Havila Kystruten 0,73 2,25 %
Hav Group 9,78 1,88 %
Arctic Bioscience 11,20 1,82 %
Hexagon Composites 28,10 1,52 %
Statt Torsk 0,68 1,49 %
Sparebanken Møre 84,98 1,32 %
Golden Energy Offshore Services 1,45 0,56 %
Endúr 39,00 0,52 %
Havila Shipping 5,35 -0,93 %
Norva 24 Group* 23,40 -1,06 %
Hexagon Purus 10,72 -1,65 %
* Kurs i SEK

Publisert: 04.01.2024 16:59

Sist oppdatert: 04.01.2024 19:09

Mer om