Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Hofseth Biocare-aksjen spratt opp frå starten av handelen ved Oslo børs tysdag.
Selskapet fortalte i ei børsmelding kort tid før handelen opna om ei vellukka studie av eit middel som kan brukast til behandling av prostatakreft.
I løpet av kort tid var Hofseth Biocare-kursen opp meir enn 11 prosent til 1,7 kroner aksjen. Det førte selskapet til toppen av vinnarlista på Oslo børs ein halvtime ut i handelen.
Kursen svinga litt utover dagen, men slutta på 1,8 kroner etter ein oppgang på drygt 18 prosent.
Likevel er kursen framleis på det lågaste nivået sidan våren 2018.

Det er dotterselskapet til Hofseth Biocare, HBC Immunology, som jobbar med å utvikle eit legemiddel til bruk i behandling av prostatakreft.
Studien viste at middelet har eit spennande potensial for å betre effektiviteten av kreftbehandlinga, i tillegg til helse og velvære for pasientane, uttaler Dr. Bomi Framroze som er administrerande direktør i selskapet.
HBC Immunology blei i fjor skilt ut frå Hofseth Biocare, som framleis er desidert største eigar. Selskapet meiner at dei ligg godt an til å sende inn søknad om bruk av preparatet mot prostatakreft i 4. kvartal neste år.
Det var ingen store utslag for nokre av dei andre børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet tysdag.
Oljeprisen derimot fall kraftig. Ved 17-tida hadde prisen for eit fat nordsjøolje falle med over 4,4 prosent til 77,30 dollar.
Det bidrog til at hovudindeksen på Oslo børs enda med eit fall på 1,28 prosent til 1424,05 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hofseth Biocare | kr 1,80 | 18,03 % |
Havila Shipping | kr 3,50 | 2,79 % |
Sparebanken Møre | kr 83,00 | 1,21 % |
Romsdal Sparebank | kr 116,98 | 0,84 % |
Havila Kystruten | kr 0,70 | 0,29 % |
Endúr | kr 59,00 | 0,00 % |
Hav Group | kr 8,66 | -0,46 % |
Hexagon Composites | kr 40,90 | -0,49 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 25,40 | -1,17 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,21 | -1,59 % |
Salmon Evolution | kr 6,67 | -1,62 % |
Hexagon Purus | kr 8,76 | -2,23 % |
Norva 24 Group* | kr 28,85 | -2,86 % |
Arctic Bioscience | kr 12,50 | -3,85 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 08.10.2024 09:43
Sist oppdatert: 08.10.2024 16:57