Børsdagen: Kvar blei det av solnedgangen?
Equinor har nesten dobla seg i verdi i løpet av eitt år. Det er fordi det er eit oljeselskap.
I dag var Equinor-aksjen blant vinnarane på Oslo Børs, med auke i aksjekursen 6,85 prosent.
Selskapet, der staten eig 67 prosent av aksjane, er verdsett til 1064 milliardar kroner. Det er i særklasse giganten i norsk økonomi og på Oslo Børs det er snakk om.
I mars 2020, like etter at koronapandemien kom, var aksjekursen nede i 101,70 kroner i aksjen. Etter litt opp og ned fram mot hausten 2020 har det stort sett gått oppover. I dag vart Equinor handla til 326,85 kroner aksjen. Selskapet har aldri vore meir verdt.
Oljeselskap eller selskap i oljebransjen er det fleire av blant vinnarane på Oslo Børs i år. Vår Energi er opp 33,8 prosent, Ocea er opp 44,3 prosent og Aker BP opp 19,8 prosent.
NETT No har tidlegare skrive at aksjonærane i offshorereiarlaga har hatt eit godt år på børsen, og oppturen til kundane deira - oljeselskapa - er ein del av forklaringa.
Oljeprisen, - og ikkje minst gassprisen var på full fart oppover i fleire månadar før Russland gjekk til militær angrep på Ukraina 24. februar.
Krigen har gitt energiprisane ytterlegare eit løft.
Både uvissa om forsyningssituasjonen og EU si klare melding om at EU-landa vil gjere seg mindre avhengig av Russland som olje- og gassleverandør er med på å presse prisane opp.
Olje- og gassprodusentane er ikkje åleine om å merke at det er nye tider for leverandørar av fossil energi.
Det australske kolgruveselskapet Glencore har for eksempel hatt ei utvikling på børsen som liknar på utviklinga til Equinor sidan like etter pandemien kom, men med enda større kursstigning - nesten 300 prosent.
Publisert: 30.03.2022 17:23
Sist oppdatert: 30.03.2022 21:25